Utstyret vårt

Før turen vår brukte me svært mykje tid på å lese oss opp på utstyrstestar, og forhøyre oss med friluftsfolk om kva utstyr som var å anbefale. Skikkelig og slitesterkt utstyr er utruleg viktig på langtur. Gjennom heile Noregs land, i møte med all slags vær og terreng, har utstyret me har hatt med oss fått vere med på ein skikkelig test – ein 103-dagars-test. Her vil me fortelje litt om erfaringane med noko av utstyret, og komme med nokre anbefalingar.

Sko

Sko er kanskje det aller viktigaste utstyret når ein skal på langtur, og det som verkeleg kan vere utslagsgivande for om turen blir fiasko eller suksess.

Me var så heldige å få vere med å teste Alfa sine sko på turen vår. Det har vore ei glede! Martha valte fjellstøvlane Walk Queen, ein solid skinnstøvel. For Mari falt valet på Trollstein, ein fjellstøvel laga av nubucklær og tekstil, med solid grep og lett som ei fjær. Begge fjellstøvlane viste seg å vere svært slitesterke, og haldt oss tørr på beina i dei våtaste myrer og bekkar. Martha bytta også til Trollstein undervegs, då den var litt smalare og lengre i fasongen enn Walk Queen, og derfor passa betre til hennar fot. Ho tok på seg støvelen for første gong i Umbukta, og vandra avgarde – 3 mil første dagen. Utan antydning til gnagsår! Fjellstøvelen formar seg vanvittig fort til foten.

For oss som tidelegare har vore faste tilhengarar av sko i heillær vart det ein revolusjon med desse støvlane. At fjellstøvlar kunne vere så lette, og likevel halde oss tørre på beina og gi støtte, er fantastisk. Dei har vore dei beste undersåttane me kunne hatt gjennom Noregs land.

DSC_3833

DSC_3831

I tillegg har samarbeidet med Alfa vore utrulig godt, då dei utøver ein fabelaktig service som me knapt har møtt makan til nokon stad! Me vil anbefale fjellstøvlane frå Alfa til alle som vil ha verkelege gode fjellsko!

 

Dunjakke

20140822-172509.jpg

Dunjakka Helsport Trollhetta er ein absolutt anbefaling på lang sommartur. Me brukte dunjakka nærast kvar dag, i alle pausar (utanom i ekstremvarme-perioden). Den haldt oss varm, og imprignerte dun i jakka gjorde at den ikkje kollapsa om det kom litt vatn på den, som vanleg dun gjerne gjer. Jakka er  superlett i vekt og lett å pakke så den tar liten plass. I tilegg brukte me jakka til hodeputa kvar natt. Deilig!

Telt

20140908-132901.jpg

Vår kjære tomannsbolig, Helsport Reinsfjell 2+, som me blei så utrulig glad i på turen. Me tilbrang dei fleste netter ute i teltet, og sov vel så godt i teltet som inne i ei seng. Med inngang på kvar side, god plass til alt utstyr, og ikkje minst god nok plass til å sitte oppreist i teltet, kunne me ikkje ønskje oss eit betre hus for sommaren!

Sovepose

Soveposen Mountain Equipment Xero 550 er laga i tett og god dun. Den haldt Mari (ein frostpinne) varm heile sommaren, og til og med ut i september når minusgradene så vidt kom krypande, eller då snøen dala ned i Nord-Noreg i juni. I tillegg er soveposen svært lett (1090 g), og slitesterk, då den ikkje viste teikn til slitasje etter 103 dagar. IMG_3136

Satelittelefon

ca30e8e295b95029bab2701c49e62a27-image

Av st- utleie leigde me satelitt-telefon, noko som gjorde at me kunne få tak i dei me trengde uansett kvar i landet me var. Til tider gjekk me i områder der det var fleire dagar til neste stad med telefondekning. Sjølv om me (heldigvis) ikkje fekk bruk for telefonen i sommar, var det ein god trygghet både for oss og for dei heime å ha den med, og slik alltid kunne gi beskjed om noko skulle skje. Nå leiger også st-utleie ut nødpeilarar for dei som er interessert i det.

 

Strøm

Me skreiv blogg frå iphone, og brukte denne også som einaste kamera og som musikkspelar om morgonane i teltet. Alle som har iphone veit at batteriet mildt sagt ikkje varer evig. Eit heitt turtips til deg med iphone på tur er å sette den i flymodus. Då varer batteriet i fire-fem dagar, samanlikna med kanskje EIN dag til vanleg. Trass at me brukte flymodus var me ofte lenge utan tilgang til strøm, og var avhengige av vår eiga straumkjelde. Det vart Powermonkey Extreme.

IMG_3197

IMG_1765

Det er eit oppladbart batteri, som har god nok kapasitet til å lade iphone (og andre duppedingsar) heilt opp ca. fem gonger. I tillegg inneheld «pakken» eit solcellepanel som kan festast på sekken. I godværsperiodar brukte me kun solcellepanelet, og skya det til hadde me alltid straum på batteriet. Me hadde straum på telefonane gjennom absolutt heile turen, til og med på dei aller lengste etappane. Heilt genialt!!! Powermonkey Extreme fekk me leige svært billig hos st-utleie.no

 

Stavar

Elles brukte me stavar under heile turen. Me fekk nokre kommentarar om me ikkje var litt for unge til å gå med stavar, og liknande, men angra ikkje eit sekund på valet. Med sekkar på godt over 20 kg, fleirfoldige kilometer kvar einaste dag og kupert terreng, avlasta stavane kne og andre ledd og musklar godt. I tillegg fekk armane også vere med på turen, istaden for å henge til pynt og ikkje gjere noko nytte for seg. 20140831-224523.jpg

 

 

Advertisements

One Response to Utstyret vårt

  1. Roy Helge seier:

    Gode tips og flotte bilder 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s