Takk

Det er mykje som skal klaffe for å få til ein så lang tur som den me har vore ute på. Me har vore avhengige av velvilje og hjelp frå fleire. Likevel er den hjelpa, støtta og fleksibiliteten me har møtt frå folk rundt oss fullstendig overveldande. Alle dei fine møta og støtta me har fått har vore det aller beste med å gå Noreg på langs, og er det me vil hugse aller best. Mange fortener ein stor takk!

Tusen takk til:

  • mamma og pappa – for å lære oss å elske å vere på tur, for å låne oss utstyr og sende avgårde alle depota våre.
  • sponsorane våre (ALFA, Spar Valen, Real Turmat, Helsport, Gottit, Ali Kaffe, st-utleie.no og Oslo Sportslager).
  • våre næraste for fantastiske jule- og bursdagsgåver til turen det siste året.
  • Trond for blogghjelp.
  • Program for lærarutdanning ved NTNU (særleg Camilla og Jesper) for å vere fleksible med tidspunkt for munnleg mastereksamen.
  • Helene, Helene og Camilla og alle andre på Naprapathögskolan som har gjort det mulig å fullføre turen på tross av skule og klinikk.
  • Kvinnherad vidaregåande skule for å legge til rette for utsatt jobbstart, så turen kunne bli verkeleg.
  • Geir for lån av alle karta, rute og tips undervegs!
  • Erlend for gode turtips og fantastisk GPS-hjelp.
  • Frøkner på langs for ein fabelaktig blogg med mange gode tips, og for å gledelig svare på alle våre spørsmål, og dele av sine erfaringar.
  • Patrik for design av framsidebilde på bloggen og for vitaminforsyning.
  • Jens og Tobias – for å vere kjekke kjærastar som forstår at me vil på langtur.
  • Alle som tek imot/tek med depota våre og som ønskjer oss velkommen til seg.
  • Venner, familie, kjente og ukjente for turtips og lykkeønskingar, og for å vise interesse for turen vår. Utruleg motiverande og hyggeleg!
  • Emil frå Honningsvåg som henta oss på flyplassen og køyrde oss til Nordkapp, viste oss viktige punkt og gav tips om område. Fantastisk :)!20140601-195358.jpg
  • Per Ivar og Mikkel for gullgode rutetips og hjelp mellom Olderfjord og Alta.

20140609-195835.jpg

 

  • G-sport og Sport1 i Alta for rabattar på utstyr. Særleg trivelig og overraskande å møte ein frå Bømlo der!:)
  • Postbilen mellom Masi og Alta, Ove i Masi, og særleg utrulig snille Jon Andreas for å få tak i pakken vår som me eigentleg skulle hente i Masi.
  • Arne frå Alta for fantastisk omvisning på helleristningsmuseet

20140613-230648.jpg

  • Fosselv camping for gratis overnatting i den største og finaste hytta dei hadde då været var heilt forferdelig.  Og for å bli skyssa til butikken. Fantastisk service.
  • Snille Lena og Jens for skyss frå Trondheim til Meråker.
  • Skautravaren (Petter Wiik) for å låne oss kartet me mangla over Skjækerfjella.
  • Familien frå Levanger som gav oss ein nydeleg og stor aure til middag på Holden Fjellgård etter ein lang dag.
  • Handelsmannen på matkroken Lierne for ein heil haug med herlige lefser og kaker heilt gratis.
  • Siv som driv li-vert`n for gratis bjørne burger og elg burger. For kjøring til sentrum i Nordli og for super god røykt aure på kvelden. Fantastisk trivlig dama.20140702-210846.jpg
  • Nasjonalparkforvaltar for Blåfjella- Skjækerfjella og Lierne, Steinar Bach  for omvisning på nasjonalparksenteret og nyttig information for korleis me skal oppføre oss i bjørneområdet.
  • Dama på bensinstasjonen i Nordli for gratis softis.
  • Butikken i Kvelia for gratis kaka, kaffi og herlig varme ull sålar.
  • Runar og Raymond frå Ballangen på Børgefjell for trivlig selskap, biff og øl.

20140708-205345.jpg

  • Solbjørg og Lars i Hattfjelldal for ein herlig plass og bu når varmen tok knekken på oss. For att dei kjørte oss til butikken, for iskaka og trivlig prat på terassen og ikkje minst for å frakta sekkane våre langt på veg.

20140710-134131.jpg

  •  Tor Inge på Umbukta fjellstue for gratis overnatting på det koselige stabburet.
  • May Britt og Rune for god service på Sulitjelma hotell og for å køyre turfølget vårt til toppen av Sulitjelma.
  • Calle på Ritsem fjellstation  for gratis brus og ein røykt aure til lunch. For fantastisk service og gode tips vidare på turen. Han fekk oss i godt humør!
  • Bjørn Clauer for gratis overnatting på husky farmen. Ei stor oppleving å sjå så mange hundar på ein plass.
  • Sterke og kjekke Marie for herlig selskap på turen Steikvasselv-Umbukta, for overnatting og god mat i Trondheim. Og for å holde feiring i Trondheim når vi kom der tredje gangen!

20140715-192729.jpg

  • Alle som var med å feira Marie og Martha sin bursdag og Mari sin masteroppgava i Trondheim.
  • Ellen Kristin, Anna Sofie og Christoffer for att eg (Martha) fekk komma på besøk i Leksvika.20140820-120037.jpg
  • Trond og Ida for att vi fikk overnatta i Trondheim

20140820-115423.jpg

  • Addi for behandling av skuldera til Martha.

20140820-115959.jpg

  • Jernmannen nok ein gang. For overnatting på Finse, mat og deling av kjekke historiar frå Norge på Langs.

20140828-094055.jpg

  • Hyttevaktene på Kjeldebu for ein varm velkomst. Og Britt-Elin for å stå bak den varme velkomsten.

20140831-224230.jpg

  • Våre gode venner, kjæresta og familie som har vore med på deler av turen. Dåke har gjort den morsommare, lettare og mykje meir givande. Det hadde vore vanskeleg og fullført utan dåke!
  • Tusen takk mamma, Tobias og Kira for turen i Nord-Trøndelag og Tobias i Sylane.

20140624-142829.jpg

  •  Lars Erik, Patrik og Emma frå Sulitjelma og inn i Sverige.

20140730-193617.jpg

  • Ekstra stor takk til Jens for godt selskap, frakting av sekkar med godopelen OG bæring av sekken til Martha. Turen hadde blitt utrulig mykje tyngre utan all denne hjelpa!

20140820-115624.jpg

  • Ellen, mamma igjen, Jens og Lars Tobias på Hardangervidda.

20140831-224137.jpg

  •  Odd og Judith for godt selskap, mat på Haukeli og frakting av utstyr.20140831-225002.jpg

 

  • Takk til frittgående høns på Taumevasshytta for godt selskap mat og vin.

20140908-133527.jpg

  • Gjetaren Torgeir for tak over hovudet når det var flaumvarsel og fryktelig vær.
  • Tusen takk til alle som har plukka opp sekkane våre og frakta dei for oss når me har haika.
  • Til alle små og store matbutikkar me har vore innom på vegen, og kjøpmenn – og damer me har fått hyggelege møter med.
  • Til alle som har vist interesse under turen, både av menneske me har møtt underveis og hatt kjekke samtalar med og til dei som har lest bloggen og kommentert. Det har vore utrulig kjekt.
  • Jonny på jobben til mamma som fiksa kjølebag så me fekk kald kake og champagne på Lindesnes fyr! God stemning!
  • Til Mamma og Lars Tobias igjen for å komme å møte oss på Lindesnes med tidenes velkomst.

20140911-193450.jpg

  • Til alle venner og bekjente som har gjort det kjekt og interessant og komme tilbake til samfunnet etter ein så lang tur.
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s