Sponsorar

ALFA-logo_PCAlfa rustar oss med skotøy for turen vår! På ein slik lang tur er gode sko noko av det aller viktigaste utstyret. Me har høyrd svært mykje godt om Alfa, og set umåteleg pris på å få vere med å teste skoa deira. Tusen takk Alfa!

New Walk Queen – fjellstøvlane som skal vere våre undersåttar gjennom turen!

Dyna W – skopar nummer to, til lettare terreng og til camplivet.

Oslo Sportslager, sportsbutikken som har alt ein kunne draume om av herlege produkt av rågode merker, har sponsa med den fantastiske dunsoveposen Mountain Equipment Xero 550. Ein sovepose som er så lett og likevel så varm, mjuk og god gjer at det blir ein fryd å sove Noreg på langs. I tillegg gir Oslo Sportslager oss gode rabattar på resten av utstyret deira, noko som gjer det ekstra trivelig å handle hos dei. Tusen takk!!

sovepose

Mari testar ut posen som er komme i posten. God og varm, og svært fornøyd!
Mari testar ut posen som er komme i posten. God og varm, og svært fornøyd!

 

Drytech har gitt oss Real Turmat til ein svært REAL pris. Dei frysetørra middagane til Drytech er lette i vekt, raske å lage og så gode på smak at valet lett falt på desse for turen vår. At alle middagane me har fått tilsendt i tillegg har fransk etikett likar me svært godt. Å få «poisson avec du riz» på Finnmarksvidda høyres litt meir fancy ut enn «fisk med ris». 😉
Tusen takk Drytech!

IMG_0706

Så glad blir Martha for litt Real Turmat

Helsport gir oss halv pris på alle sine produkt. Dette har resultert i teltet Reinsfjell 2+, dunjakka Trollhetta, og vanntette pakkposar som vil halde utstyret vårt tørt og godt sjølv når det regnar som mest. Tusen takk Helsport!

Teltet Helsport Reinsfjell på sin jomfrutur ved Estenstaddammen i Trondheim, oktober 2013.

Teltet Helsport Reinsfjell på sin jomfrutur ved Estenstaddammen i Trondheim, oktober 2013. Teltet har inngang på kvar side og er slik genialt for to systre på langtur!

Trollhetta dunjakke er ei svært lett, men likevel varm dunjakke. Det som er så genialt med akkurat denne er at den har impregnerte dun, som gjer at duna ikkje klappar saman om jakka blir våt!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Knut frå Gottit AS sponsar oss med herlege Eat Natural energibarar, proppa med blant anna nøtter, frukt og sjokolade! I tilegg er dei glutenfrie og uten konserveringsmiddel, fargestoff og søtningsmiddel. Desse skal bli fantastiske som energipåfyll undervegs. Tusen takk!

bilde-1

 

logo

Ali kaffe sponsar oss med kokmalt kaffe til turen. Som kjent kurerer Ali kaffe gruff, noko me kan trenge om det blir for mange dagar med regn. I tilegg er det en ekstra luksus med noko varmt å drikke i pausane, som både smakar godt og gir oss litt ekstra energi. Tusen takk Ali!

St-utleie.no driv utleie av satelittelefonar til Noregs beste pris. Dei har vore så kjekke å gitt oss ein superavtale, som gjer at både me og kjente og kjære heime kan kjenne oss trygge på at me kan nå kvarandre om det skulle bli nødvendig, også i område utan mobildekning. I tillegg får me med oss solcellepanel til å lade telefonar og kamera. Gull verdt når vår heim i stor grad skal vere eit telt dei neste månadane. Tusen takk st-utleie!

A81100261212

Powermonkey extreme – solcellepanel

ca30e8e295b95029bab2701c49e62a27-image

Iridium satelittelefon

 

 

spar_logoSpar Valen, vår lokale nærbutikk, har sponsa oss med sjokolade. Sjokolade er obligatorisk når me er på tur. Det gjer oss lykkelegare og me får ekstra energi, noko som er viktig på langtur 🙂 I tilegg er det noko av det beste som finst, så tusen takk!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s