Kapitulert i varmen!

Me har alltid sagt at det aldri kan bli for varmt for oss, og me er alltid dei siste som trekk inn i skyggen. Me kan ligge i evighet midt i solsteiken, og desto varmare jo betre har vore vårt motto. Det var heilt til me kom til Hattfjelldal…

Heile etappen frå Nordli og over Børgefjell var varm. Dette gav oss lite søvn. Alle som har sove i telt om sommaren veit kor varmt det kan vere å vakne når sola står rett på teltduken-som i ei badstue. På fjellet var det litt bris, noko som hjalp på. Då me kom ned frå fjellet var det som å entre ei kokande gryte. Aldri hadde me opplevd slik varme i Noreg, og med Beistet og Raggabasten på ryggen (som var større enn nokon sinne, då alle kleda våre låg oppi), gjorde varmen uuthaldeleg.

Då me kom ned frå Børgefjell, tok me ein lang siesta ved ei elv, der det også vart eit bad. Etter dette vandra me avgårde. Martha fortalte om ulike plager, som følelseslause tær og vonde lårmusklar. Mari, som ikkje hadde andre plager enn varmen, og var stolt som ein hane, utbraut: «Jaja, Martha… Eg som alltid trudde eg var den skrøpelige av oss. Her går me, eg som eit velsmurt maskineri, du meir som ein lada!» Det skulle ho aldri ha sagt! Same kveld begynte det velsmurte maskineriet å skrangle. «Eg har litt vondt i halsen eg Martha». Neste morgon var feberen også på plass, og dei 15 km inn til
Hattfjelldal sentrum, i ekstrem varme, verka uendelege. Heldigvis fekk sekkane haik med ei trivelig dame etter knappe 100 m. Det gjorde vegen lettare, trass sikkert 40 varmegrader og vindstille.

Då me kom til Hattfjelldal, fann me sekkane på blomsterbutikken. Me spurte om det fantes nokon overnatting i området, og før me visste ordet av det satt me i ein bil som køyrde oss til vårt eige vetle hus. Her blei me…i to heile døgn, kapitulert av varmen. Her fekk Mari tid til å bli frisk. Om det var elvevading eller varmen som var utslagsgivande er ikkje godt å sei. Ein pause var i alle fall nødvendig. Varmen hadde også tatt på for oss begge, og det var nydelig å få krype inn under tak og få sove ut.

Under opphaldet vart me kjent med utrulig trivelige Solbjørg og Lars som eigde huset. Lars køyrde oss på butikken og gav oss heimelaga blåbærvin frå sin eigen vinkjellar. Solbjørg inviterte på heimebakst og iskake. I tillegg fekk me vaske gjennomsvette klede og dusje. Me kjenner oss enormt godt tatt imot, og trass at ekstremvarmen fortsett, er me i ettermiddag klare for å vandre videre med ny energi. Solbjørg har til og med tilbydd seg å køyre sekkane våre dei tre mila på asfalt me har føre oss i kveld! Fantastisk!

Aldri i vår villaste fantasi hadde me trudd det var varmen som skulle stoppe oss på denne turen. Frå nå av blir det kvelds- og morgonvandring og siesta på dagtid. Me tek nå inn på Nordlandsruta, og set kursen mot Umbukta. Det skal bli godt å komme opp i fjella igjen, og me gler oss til å sjå dei mektige Okstindane. Og for all del – me klagar ikkje på sommarvarme. Det
vart berre litt voldsomt!

20140710-134131.jpg

Advertisements
Posta under Uncategorized | 2 kommentarar

Børgefjell- biff og brevatn

Me har nå kryssa over Børgefjell, Noregs nest eldste nasjonalpark, etter Rondane. Parken er eit ynda mål for fiskarar og dei som ønskjer urørt natur. Parken har ingen merka stiar, turisthytter eller vegar. 20140709-120104.jpg

Sidan det ikkje er nokre stiar gjennom Børgefjell, er ruteval mykje opp til oss sjølve. Me forhøyrde oss om ulike alternativ. Etter sterke anbefalingar om å ta ein båt inn på fjellet, over Store Namsvatn, heller enn å gå rundt vatnet i mykje kratt, kupert terreng og snø, valte me båten. Som Ingrid Espelid ville sagt, juksa me littegranne.

20140708-205512.jpg
Juks eller ikkje, det viktigaste for oss er å ha det fint på tur, og har heile vegen valt å høyre på tips frå lokalt kjente. Kurt, som køyrde oss over vatnet, kunne også fortelje at han stadig fraktar NPL-arar.

Og jammen vart båten eit godt val! På båten møtte me Runar og Raymond frå Ballangen, som skulle på ei vekes fisketur i Børgefjell. Vår plan var eigentleg å campe med det same me kom over vatnet, då det allereie var kveld, men Runar og Raymond baud på biff og øl om me slo følge eit stykke til innover fjellet. Det freista. Og då kvelden var fin og selskapet godt, slo me følge. Den lengre høneblunden me hadde hatt medan me venta på båten, hadde også gitt oss tonnevis av ny energi. Me peisa opp lia.

20140708-205455.jpg

Og plutseleg var me oppå fjellet!

20140709-104108.jpg

Ved Gaukarvatn slo me leir, og klokka halv to fekk me servert biff med fløtegratinerte poteter og peppersaus, og ein iskald øl. Garantert turens beste måltid på fjellet!

20140708-205345.jpg

20140708-205437.jpg

Me kikka på kart ilag og delte turopplevingar. Raymond sine turopplevingar kan du lese meir om her.Turgleda dei viste over å vere første dagen på ein tur dei hadde gledd seg lenge til, smitta over på oss, og fekk oss til å tenke over kor heldige me er som får tilbringe heile sommaren på tur.

Då me gjekk å la oss seint på natta, for dei utpå med båt og fiska. Ihuga fiskarar tydelegvis! Neste morgon fekk me kaffi og sjokolade, før me skilte lag og tok i kvar vår retning vidare. Takk for laget!

20140708-205402.jpg

Vinteren hadde hengt lenge i på Børgefjell i år, og det var framleis mykje snø i høgden.
Men denne helga hadde sommarvarmen verkeleg satt inn. Dette gav oss nydeleg ver, men også nokre utfordringar. Snøsmeltinga var enorm, og det som knapt viste som ein liten bekk på kartet, var nå store fossar. For første gong i våre liv skulle me få prøve oss på skikkelig vading. Ein «bekk» som nå var omskapt til ein enorm foss, vart vår største utfordring. Me vandra opp og ned og opp og ned langs fjellsida for å finne ein stad å gå over. Til slutt måtte me berre legge i veg. Me hadde eit tau mellom oss på 25 meter. Ein gjekk, medan ein stod på ein litt rolegare plass i elva og passa på. Me måtte gå oppover og nedover i elva for å unngå den aller verste straumen, med vatn til godt opp på låra. Etterkvart vart me svært nedkjølte, og i den strie straumen vart det då vanskeleg å konsentrere seg og halde balansen. Me tenkte på mamma sitt mantra: «Eit steg om gongen, jenter, eit steg om gongen!» Då me endeleg var over, hadde me vore uti elva i over ein time. Me var letta og iskalde. Me bytta, pakka oss inn i Jervenduken og laga Real Turmat og te. Me prisa oss lykkelege for den varme vinden og sola, som gjorde at me sakte men sikkert fekk varmen igjen. På kartet såg me at fleire elvar venta, som såg ut til å vere minst fire gonger så store som «bekken» me nå hadde passert, og som kom ned frå brear og fjell med mykje snø. Me grua oss allereie. Heldigvis var ikkje desse like strie, og me kom oss heilskinna over alle.

20140708-205315.jpg

20140708-205722.jpg

For oss vart Børgefjell på mange måtar ein svenneprøve, både når det gjaldt store elvar og navigering på eiga hand. Det gjekk bra, og nå er me klare for meir, spente på kva Nordland har å by på.

20140708-205259.jpg

Posta under Uncategorized | 4 kommentarar

Beistet og Raggabasten

20140704-192509.jpg

Dette er Beistet og Raggabasten. Dei likar å gjere kvardagen tung for oss. Dette gjeld særleg litt utpå ettermiddagane, når dei merkar me byrjar å bli slitne. Då gjer dei seg tunge som bly, og skapar seg som to udyr. Plutseleg kan dei finne på å klemstre Mari på hofta eller klype Martha på skuldera. Me trudde kanskje samarbeidet skulle bli enklare på sikt, når me vart betre kjent, men Raggabasten og Beistet er framleis uforutsigbare, og me veit aldri kva tid dei vil gjere livet surt for oss.

Elles er alt bra. Me har komt til Røyrvik ikveld. Beistet og Raggabasten har haika idag, så me har fått litt tid for oss sjølv. Det var godt! Men då dei køyrde avgårde såg me dei rotta seg saman på lasteplanen, og dei sang: «Svake mennesker, hvorfor er du så svak, hvorfor er du så svak?»

Posta under Uncategorized | 2 kommentarar

4.etappe: Meråker – Nordli

Me er komme til Nordli, og fjerde etappe er gjennomført. Me har vandra i 8 dagar og 200 km sidan Meråker, med eit snitt på 25 km til dagen. Det har vore lange dagar. 25 km på kartet i terreng tek mykje lenger tid enn på asfalt. Det har også vore nydelege dagar, med eit herleg følge. Me vil gjerne dele litt frå etappen.

Våre forventningar til etappen Meråker-Nordli var ikkje store. Me tenkte det ville bli fint å komme ut i terreng, og det var det. Det var områda i nord me gleda oss mest til, og sa faktisk då me flaug til Trondheim: «Det er jo genialt å bli ferdig med Nord-Trøndelag nå først, så er me ferdige med det kjedelige med ein gang.» Etappen overraska positivt, så til dei grader!

Frå å gå langs E6 kom me nå inn i nokon av dei mest øde områda i Noreg, med største samanhengande område utan tekniske inngrep. Det var knapt ein sti, og me møtte ikkje eit menneske vandrande i fjellet i løpet av dei 8 dagane. Det me derimot fekk sjå, var variert og uberørt natur, reinsdyr og utallige ulike fuglar. Frå høge fjell til ugjennomtrengelige kratt, til store innsjøar og fjellgårdar der folk bur fast, sjølvforsynte med straum og utan veg. Blåfjella og Skjækerfjella nasjonalpark kan anbefalast på det sterkaste til alle som ønskjer verkeleg villmark.

20140701-230013.jpg

Me har på vegen blant anna besøkt Holden Fjellgård, ein nydeleg fjellgård som idag er open for turistar, blant anna som DNT-hytte. Gården har vore busatt sidan 1700-talet, og var ei perle.

20140701-225841.jpg

På veg ned frå fjellet mot Holden, såg me ein liten båt utpå vatnet. Me spøkte med at dei sikkert var å fiska middag til oss (ja, me tenker stort sett på mat heile tida;)). Då me kom ned til gården viste det seg at det var ein trivelig familie frå Levanger der, på fiske heile helga. Og joda, der kom dei med ein gigantisk aure, ferdig tilberedt til oss. Ikkje eit vondt ord å sei om Real Turmat, men dette måltidet smelta verkeleg på tunga!

Elles har mykje av etappen vore prega av myr. Myra gjer det tungt å gå, og våte sko har vore ein gjengangar hos vårt turfølge. Me må igjen sei me er imponert over Alfa-skoa våre. 8 dagar i myr og eit utal elvekryssingar og skoa er framleis knusktørre.

Mygg har også vore ei oppleving på denne etappen. Alle er einige om at me ikkje visste kva mygg var før denne turen. Vel slapp me lett unna, berre to kveldar var det verkeleg ille. Men då var det også meir mygg enn me har sett i heile vårt liv – til saman. Det var som ein grå vegg rundt oss på alle kantar, og berre dei sekunda det tok å dekke seg med skallklede og myggnetting var nok til å bli halvveis oppspist. Men ingen fare: etterpå spiste me myggen. Real turmaten til middag vart dobbel porsjon, då dusinvis av mygg fulgte med inn i munnen for kvar skei… Hevnen er søt…

20140701-225342.jpg
Dette idylliske bilete av Martha og eit gigafly er eigentleg av Martha og ein mygg. Snik seg med overalt gitt…

Eit langt større dyr enn myggen me har haldt utkikk etter, etterkvart som me nærma oss Lierne, er bjørnen. Me hadde høyrd Lierne vert kalla bjørnens Sinsenkryss på grunn av at all bjørnen stakk innom her. Mandag kveld kom me til ein liten stad (i Lierne) som heiter Berglia. Herfrå vandra me oppover ein skogsveg. Tobias, den mest observante i følgjet, oppdaga plutseleg eit gigantisk spor midt i vegen. Ingen tvil. Det var bjørn.

20140701-223928.jpg Like etter kom møkk, akkurat slik me hadde blitt fortalt ein bjørnebæsj skulle sjå ut.

20140701-224010.jpg
Ingen tvil om at bamse brakar hadde vore her. Like etter ropte mamma: «Der er den!» Me høyrde knaking i greiner rett føre oss. Nokon av oss sprang framover, andre bakover, i ei blanding av ekstrem nysgjerrighet og skrekkslagenhet. «Der var elgkua, såg dåke den?», ropte mamma. Ei ELG-ku??? Mamma skjøna kanskje kor usannsynlig det var at bjørnen dukka opp rett føre nasa på oss, og tenkte ikkje på den. Det gjorde derimot me. Rett etter dette måtte me krysse omlag 2 km med det tettaste krattet som tenkast kan – kl.23 på kvelden. Me følte bjørnen kunne vere 2 meter frå oss, utan at me ville sjå den, og me prata alle litt ekstra høgt, med litt ekstra adrenalin innabords. Me møtte ikkje bamse brakar denne kvelden, men å vite at han hadde vore der, satt likevel ein prikk over naturopplevinga.

20140702-140517.jpg

20140701-225244.jpg

20140701-225150.jpg

I går var det tid for ein dag på asfalt etter gammalt. Me kjente fort at det ikkje har vore noko sakn. Mykje vart betre då Tobias bestemte seg for å haike siste to mila, med alle sekkane våre. Med vel 100 kg bagasje handla han middag, henta depotpakkane våre i Nordli og fiksa camping på nydelege Strandstua camping. Då me kom fram venta tidenes middag og iskald øl. Me skåla for ein vellykka og lang etappe, imponerande innsats av alle fem og ein månad på tur for Mari og Martha. For å toppe kvelden hadde Tobias også fått med seg kaker og lefser av handelsmann på Matkroken Lierne, frå «Lierne», berre fordi me gjekk Norge på langs. Fantastisk!

20140701-225120.jpg

Idag har me hatt kviledag på campingen. Me våkna til knallblå himmel, blikkstille vatn og varmt vær. Det vart frukost i sola, ro-og fisketur på vatnet og herleg avslapping.

20140702-140402.jpg
Martha har ein bekjent frå skulen i Sverige frå Nordli, Morgan. Ho kontakta han for å få tips om kva me burde oppleve i Nordli. Morgan var ikkje heime, men det var mora, Siv. Ho henta oss på campingen, viste oss restauranten Li-vert’n ho driv, og sa me måtte ta eit måltid der. Her vart me påspandert BJØRNEburger og elgburger. Dette er mat utanom det vanlege, og verdt ein tur til Nordli i seg sjølv. Eit fantastisk måltid me kan anbefale på det varmaste. Lokale råvarer, grovt og godt brød og tyttebærkrem. Ein delikatesse. Medan me nytte måltidet utbraut Martha: «Eg som trudde eg skulle bli spist av bjørnen, og nå er det eg som spise den!»

20140702-143801.jpg

Gode og mette gjekk turen til nasjonalparksenteret. Her fekk me eiga omvisning av Steinar Bach, nasjonalparkforvaltar for Blåfjella/Skjækerfjella- og Lierne nasjonalpark. Særleg bjørnehistoriane vekka interessa vår, og Steinar kunne bekrefte at bileta av spor og møkk stamma frå bjørn, og at heile 16 bjørn held til i det område der me fann spora. Me syns det er fantastisk spennande med så store rovdyr i nærleiken, men fekk også stor forståing for kva belastning bjørnen har vore på desse bygdene. Steinar kunne fortelle at det på starten av 90-talet var rundt 50 sauebønder, som levde av dette i området. I dag var det berre eit levedyktig sauegårdsbruk igjen. Resten er lagt ned, mykje på grunn av bjørn. Dette må skape negative haldningar til rovdyret. Likevel, eller nettopp derfor, driv nasjonalparksenteret opplæring av barna i fylket om korleis å leve med rovdyra, korleis unngå dei og korleis vise dei respekt. Eit imponerande tiltak! Dei fleste ungar i Nord-Trøndelag kunne nok då fortelje oss at det ikkje er nokon god ide å valse i tett kratt nær midnatt i bjørnetette områder – med hund…slik me gjorde!

Etter nasjonalparksenteret tok me oss ein softis i den steikande sola. Også denne fekk me gratis – berre fordi me er ute å går ein så lang tur. Jøssinavn. Jammen er livet godt som NPL-ar i Nordli!! Og som om ikkje det var nok, då me skulle til å poste dette innlegget i kveld banka det på campinghytta. Der stod Siv igjen. Ho hadde røykt fisk, og lurte på om me ville smake. Heilt nydelig!!! Og for ei hyggeleg dame! Slike folk løfter ikkje berre seg sjølv, men heile bygda. Me kjenner oss så vanvittig godt tatt imot her i Nordli , og det har kanskje vore ein av dei finaste dagane våre på denne turen så langt.

20140702-210846.jpg

I morgon dreg mamma, Tobias og Kira heim att. Etter denne etappen fortener dei ein hyllest!
Tobias, Martha sin kjæreste, har knapt vore i fjellet før, og langt i frå vore på ein lang telttur i ødemark. Han er frå Tønsberg, og sjøen er hans stad. Det satt imidlertid ingen stoppar for han. Trass gnagsår, våte bein og lange etappar spratt han frå tue til tue, utan å klage. Ein ekstrem observasjonsevne, og den som oppdaga alt me andre oversåg, som bjørnespor, eller ein svømmande elg over vatnet. I tillegg utruleg hjelpsom, og stelte i stand både frukostar og middagar før me andre hadde fått snudd oss rundt.

20140702-140552.jpg

Mamma, vår turhelt og forbilde har vist formidable navigeringsferdigheiter og eit maskineri utan like. Ho finn fram på dei utrulegaste stader og har gitt oss nyttig lærdom når me nå skal finne fram på eigahand. Ho blir aldri sliten, og trass våre tre veker på tur allereie, hadde me store problem med å halde hennar tempo. Me tek av oss hatten for Noregs sprekaste mamma. I tillegg har det vore utrulig koselig berre å ha med seg mamma på tur.

20140701-225424.jpg

Og til slutt Alaskan Malamute Kira. 11 kg, ein tredjedel av si eiga kroppsvekt har ho bore i 200 km. Og utan teikn til svakhet. Snarare tvert om, og då særleg når reinsdyr dukka opp. Eller mus. Eller fugl. Eller ubestemmelege lukter. Ein arbeidshund utan like, og likevel så hjertelig mot alle. Dei siste dagane syns me ho vart litt tynn, så me lot ho ta oppvasken. Sjeldan har kjelen med fastbrent havregrynsgraut blitt så rein..;). Ho har gitt oss mykje glede den siste veka!

20140701-224817.jpg

Til sist kommentarar frå turfølget:

Tobias: «Det var himmel og helvete. 90% himmel då… Det verste var mygg, myr og å ta på vått tøy. Det beste var at eg klarte det! Og utsikten, naturen og reinsdyra. Og lære å kjenne meg sjølv betre-korleis reagerer når for eksempel blir sliten og svolten.»

Mamma:»Det gode selskapet og den gode stemninga var det beste. Og det å få vere del av den uendelege villmarka her over mange dagar, og meistringa ved å finne fram-nesten som skattejakt. Ydmyk og takknemlig! Trur denne nasjonalparken vil bli oppdaga!»

Kira: «Takk for oppvasken, bidreg gjerne igjen!»

Imorgon går turen i retning av Børgefjell, berre oss to igjen. Takk for oss Nordli!

20140702-210707.jpg

Posta under Uncategorized | Éin kommentar

Endeleg villmark!

Då var me endeleg komme oss vekk frå E6 og ut i det fri. Det er nå tre dagar sidan me starta frå Meråker, og kom i går kveld ned frå skogen/fjellet til ei veldig lita og fin bygd som heiter Vera. Her har me telta i natt, med alle mulige typar fuglar me aldri har sett før rundt oss. Me har også endeleg fått helst på den berømmelege myggen. Med myggnettingar over hovudet gjekk det fint det også. Eller kva seier du Martha? For oss som hadde KNOTTsikkert nett gjekk det i alle fall bra…

Etter første dagen på veg, har me dei to neste dagane vandra på merka DNT-stiar frå Ferslia til Sandvik, og i går til Vera. I dag tek me oss inn i Blåfjella- og Skjækerfjella nasjonalpark, ein av dei nylegast etablerte nasjonalparkane i Noreg (2004). Her får me for første gong på turen prøve oss utan merka stiar, og har berre eigne kart og vurderingsevner å stole på. Det er spennande og blir sikkert litt ekstra underhaldning i kvardagen. Me er imidlertid glad me har med oss mamma, Tobias og Alaskan Malamute Kira. Dei har alle tre allereie imponert som nokre skikkelege sporfinnarar. Fint for oss!

Før me tok inn på fjellet på onsdag, sov me på Ferslia Fjellstue, ei koselig og velhalden DNT-hytte. Då me skulle til å leggje oss rundt kl. 23, etter middag, yatzy og kartstudering, kom tre gutar ramlande inn døra. Dei såg slitne ut, og det første dei sa var: «Er det matkammer her?», på kav stavangerdialekt. Det var det, og dei vart glad! Me spurte om dei hadde vore langt. «Jo, me går Norge på langs me», sa dei. Me lo, og det vart mange delingar av erfaringar den kvelden og neste morgon. Dei hadde vore på tur sidan februar og mars, og hadde både artige og dramatiske forteljingar frå turen så langt. Om de er interessert kan de lese om turane deira her og her

Dei tre kunne også fortelje med eit sukk at me hadde mykje myr i vente. Dei hadde rett. Dei to siste dagane har me stort sett vandra i myr. Det er tungt, og det er ikkje å leggje skjul på at kilometrane går seinare her enn på E6. Likevel går me stort sett å smiler frå øyre til øyre. Etter tre veker med knallhard asfalt og såre føtter er myra som deilige puter som tek imot kvart steg, og fjellstøvlane frå Alfa er framleis tørre!

Den største utfordringa med å komme ut i villmarka er dårleg tilgang på butikkar, og at me ikkje lenger kan fråtse i det dei har å by på. Me er stort sett alltid litt svoltne, og har kanskje tatt med litt lite mat på denne etappen som er 8 dagar utan tilgang på butikk. Det er imidlertid ein ond sirkel, då sekkane allereie er tunge, og meir mat betyr tyngre sekkar og større forbrenning. Etter fatcamp i Troms, der me stoppa på kvar einaste matbutikk, går det vel bra med nokre dagar med litt mindre mat. Det er nok ein vane!

I går kom også endeleg sola tilbake. Velkommen, vår ven! Du har vore sakna! Dette førte til sløving i lyngen, og eksepsjonelt godt humør. I tillegg er det rart korleis alle stadar blir så nydelege med ein gong sola skin. Fleire gonger i går har me berre stått å nytt omgivnadane, eller komme med utbrot som: «Ååå sjå så nydeleg då!» Det er godt å endeleg vere her – i skogen og på fjellet! Me gler oss til å få sjå meir av kva Nord-Trøndelag har å by på i dag, når me nå skal inn i nasjonalparken.

20140627-085903.jpg

20140627-104515.jpg

20140627-104533.jpg

20140627-104709.jpg

Posta under Uncategorized | Éin kommentar

Start frå Meråker – med nytt følge

Då er me i gang igjen, og skal vandre nordover. Tobias, mamma og Kira er med, og me er slik eit følgje på 5. Fantastiske Jens og Lena køyrde oss til Meråker, etter ei natt i Trondheim. Nå blir det endelig skog og fjell!

20140624-142829.jpg

Posta under Uncategorized | 5 kommentarar

Plan D: Fly til Trondheim

Endringar i planane…igjen!
Plan A gjekk i vasken allereie før turen starta, då me fekk vite at det var altfor mykje snø til å gå inn på Finnmarksvidda via Stabbursdalen. Plan B, om å følgje E6 til Alta og så inn på vidda frå Masi, rauk også etter samtale med kjentsfolk i Olderfjorden. Me følgde så plan C om 300 nye kilometer langs E6, til Skibotn, for så å gå inn i Tromsfjella. Våre sterke ønsker om snøsmelting i fjella, både til regnbogar og firkløver langs vegen, har imidlertid ikkje ført fram. Den siste veka har me vakna til nysnø langt ned i fjellsidene-heller enn til smelting. Vinteren slepp ikkje taket, og etter 515 km langs E6 er me mildt sagt klare for skog og fjell. Det er her plan D kjem inn i bilete. Dei siste to vekene har me kontakta ulike personar om korleis snøforholda utviklar seg, og ettersom dagane har gått har me skjønt at me treng eit alternativ for å unngå for mykje snøbasking og smeltevatn. I dag kom me til Skibotn, og har nå tatt buss til Tromsø. I morgon kveld flyr me til Trondheim, og går derfrå nordover igjen til Skibotn igjen. Me skal altså framleis gå Noreg på langs, men i litt omvendt rekkefølge. Når me kjem opp igjen til Skibotn blir det fly ned igjen til Trondheim for då å ta for oss Sør-Noreg, frå Trondheim til Lindesnes.

Sidan opphaldet på Fosselv camping for fire dagar sidan har det framleis regna, me har hatt nokon nær-døden-opplevingar med travle campingvognturistar og rasfarlige vegparti (utfor tunnelar det ikkje er lov å gå i).

20140622-204540.jpg
Samtidig er det framleis mange forbipasserande som vinkar, smiler og heiar. I tillegg har me dei siste dagane hatt utsikt til fantastiske fjell, blant anna dei mektige Lyngsalpene (om enn litt skjult i skylaga).

Me har også fått besøk av Jensemann, eit friskt pust frå Vestlandet.

20140622-205123.jpg

20140622-205147.jpg

Han har vandra med oss i tre dagar, med godt humør og etterkvart slitne bein. Sitat Jens med ankomst Skibotn: «Det var trivelige, men rikelig. Nå skal eg tilbake til mitt rette element: sofa og fotball-VM!»

Me er nå ferdig med vår tredje etappe (Alta-Skibotn) og har vore vel tre veker på tur. Livet som asfaltslitarar langs E6 er herved forbi. Dei første etappane vart ikkje som planlagt, men me har likevel hatt stor glede av den alternative ruta. Me har møtt herlege menneske, besøkt trivelige nærbutikkar i små bygder og fått med oss nydeleg kystlandskap. Me får sei som Jens: «Det har vore trivelig, men rikelig!» Nå ventar villmarka. Trøndelag, her kjem me!

Posta under Uncategorized | Éin kommentar