Noreg på langs til ettertanke

Det er over to veker sidan me kom til Lindesnes. Over to veker sidan vår tur gjennom Noreg var over. Målet og sluttpunktet me hadde gått mot heile sommaren var plutseleg nådd. Noreg er eit langt land. Likevel, eller kanskje nettopp derfor, var det uverkeleg og absurd å nå ”enden”. Føre oss låg havet, og det vart slik svært tydeleg at me var komme til «Noregs ende».

IMG_3151Gleda var stor den dagen på fyret. Me jubla, lo og grein, og klemte både kvarandre og fyrtårnet.

Vel tilbake i kvardagen verkar det heile litt uverkeleg. Me har stupt inn i ein ny kvardag – med hovudet først. Det er ikkje lenger kroppen det blir stilt krav til. Nå er det hovudet. Frå å ha tvinga kroppen framover kvar dag i 103 dagar, utan særleg anna å tenke på, får kroppen nå vere i fred så mykje den vil. Hjernen derimot er ferdig med ferie. Kroppen sitrar og kriblar etter meir røyrsle. Nå er det hovudet som er fullstappa og trøytt. Dei to har over natta bytta plass. Med mykje nytt å tenke på, i ein ny, spennande og annleis kvardag, er det nesten så me gløymer heile turen. Heilt til me om morgonen står opp av senga, og kjenner at me framleis er såre under føtene. Det er godt å vere heime igjen, men innimellom kjenner me saknet etter tur. Då er det fint å mimre litt, og me vil gjerne seie nokon ord om turen vår – nå i ettertid.

IMG_2622

Sylane

Ein av dei siste dagane i Setesdalsheiane, etter vel 2,5 mil, begynte me å snakke om kva me gleda oss mest til med å komme heim. Me gleda oss veldig til å komme heim til dei me er glade i. Me gleda oss til å ete akkurat den maten me ville ha, og å kunne ete oss heilt mette til kvart måltid. Til å ha ei seng som stod på same staden kvar dag, og som ein slapp å bære på ryggen. Til å ta på seg reine klede, som ikkje stinka død og forderving, og kanskje til og med ta på oss noko fint. Og til å sleppe å gå i tolv timar kvar dag, bli utslitt kvar einaste kveld og gå kilometervis med smerter (Martha si skulder). Me snakka om kor mykje me skulle ligge på sofaen, alle seriane me skulle sjå og all maten me skulle ete. Me var oppstemte over samtaleemnet, og med tanken på at det var mindre enn ei veke til alt dette skulle skje.

Så begynte me å snakke om kva me trudde me kom til å sakna frå turen når me kom heim. Overraskande nok handla det om svært mange av dei same tinga som me gleda oss til med å komme heim. Me snakka om at me ville sakne tomannsboligen (teltet vårt), og kor fine kveldane og morgonane der hadde vore. På tunge dagar, der me knapt hadde sagt eit ord til kvarandre på fleire timar, var det likevel alltid like god stemning når det var tid for å slå opp teltet. Vel inne i teltet, eller utanfor på fine dagar, var det kveldsmat, mimring frå dagen, lesing og mykje tull. Om morgonane var me ofte stuptrøtte, og beina kjentes framleis slitne. Då var det musikk som fekk opp stemninga. Me hadde nokre gjengangarar me høyrde nesten kvar einaste morgon, blant anna Erik Byes ”Vår beste dag”. Då vart alltid stemninga god, og me vakna til liv, klare for nye mil. Havregrynsgrauten i soveposen kvar morgon smakte alltid like godt. Vel heime er det desse morgonane og kveldane i teltet me hugsar godt. Alle dei nydelege campeplassane – og dei dårlege campeplassane, som vart valt når me var altfor slitne til å leite lenger – og der me uansett alltid sov like godt.

IMG_2451IMG_2841

Me snakka om at me ville sakne det enkle livet, der me alltid visste kva me skulle ta på oss (det same som dei siste tre månadane), og aldri tenke over om håret såg ut som ei høysåte eller om det hadde festa seg mose eller lyng i det.

IMG_2241

Og å aldri tenke over om ein blir skiten, og kunne ligge strekk ut kvar som helst. Alle pausar føregjekk liggande. Og me kan skrive under på at Noreg har mykje gode liggeplassar!

IMG_2563IMG_2046IMG_1947

Noreg på langs har vore som ei skattejakt. Me bur i eit fantastisk land, med så vanvittig mykje spektakulær og variert natur. Med unntak av Hardangervidda, delar av Jotunheimen og Sylane, var kvar dag ei oppleving av heilt nye områder. Mange har spurt oss kva dei flottaste områda var. Det er klart me hadde våre favorittar, som områda rundt Sulitjelma, 20140730-185648-68208633.jpg

 

Finse,

20140831-225209.jpg

og Okstindane.

IMG_2260

Likevel var det variasjonen som var det beste. Frå Magerøya heilt i nord, med knapp vegetasjon og hav på alle sider, IMG_1750

via spisse tindar i Troms,20140806-212410.jpg

enorme skogar og villmark i Nord-Trøndelag,

IMG_2118IMG_2037 kvitdekte reinlavheier i Rondane, 20140820-120432.jpg

majestetiske Jotunheimen og Skarvheimen,

20140822-165939.jpg20140827-165607.jpg kjente og kjære Hardangervidda

IMG_2960

og utfordrande, men vakre Setesdalsheiane, som gjorde at me verkeleg fekk prøve ut uthaldet vårt, psykisk og fysisk.

20140908-141244.jpg20140908-135815.jpg20140908-132825.jpg

 

IMG_3085Til slutt med avslutninga på det glade sørland, ned mot Lindesnes, med omgivnadar som minna om greske øyer.

IMG_318220140911-193233.jpg

20140911-193426.jpg

For eit land! Og så heldige me har vore som har fått brukt heile sommaren på tur oppi dette!

Ved sidan av naturopplevingane, er noko av det me kjem til å hugse aller best alle dei trivelige folka me har møtt. Frå første dag av turen vår og gjennom heile landet har me møtt ei venleik utan like. Framande har tatt kontakt og tilbydd alt frå overnattingar, museumsomvisingar, mat, hyggeleg selskap, lokalkunnskap og oppmuntringar. Desse møta har berika dagane våre så til dei grader. Det er dette me har snakka om undervegs, og som me vil hugse i lang, lang tid. I tillegg er me så heldige å ha fantastiske menneske rundt oss i vår krets frå før. Kjente og kjære har slått følgje undervegs og stilt opp på alle moglege måtar for å hjelpe oss gjennom turen. I tillegg har det vore  veldig trivelig med alle som har følgd med på bloggen. Dei gongene me kom til nettdekning vart det alltid opplesing av kommentarar og ”likes”. Det var oppmuntrande og veldig hyggeleg at folk følgde med oss på turen, og gav uttrykk for at dei sat pris på det. Tusen takk til alle, både framande og kjente som har engasjert seg i turen vår! Tenk at det finst så mange fine folk her i Noreg. Det er kanskje vår største oppdaging på turen, og har gitt oss så utrulig mykje glede!

Til slutt må me seie noko om det å vere to søstrer på tur i lag. Me har fått mange spørsmål om korleis det har gått, om me ikkje har krangla mykje, og blitt lei kvarandre. Snarare tvert i mot. Me har vore eit radarpar på tur, utan ein einaste krangel. Det har vore mykje tøys, tull og latter. Som Martha sa: ”Det er nesten som å vere på tur med seg sjølv, berre betre”. Me er samstemte, tenker likt og har saman jobba for det same målet gjennom 103 dagar. Saknet er derfor stort nå, etter å ha budd i same telt, og vore konstant med kvarandre i så lang tid. Turen hadde ikkje vore i nærleiken av det same utan.

IMG_2474IMG_2471IMG_2365

Noreg på langs har vore ei utfordring. Det har til tider vore tungt fysisk, og ikkje minst psykisk. Martha har hatt vondt store delar av turen, men har halde det gåande likevel, og ingen av oss tenkte eit sekund på å bryte. Trass dette har det vore ei oppleving for livet. I ettertid har mange sagt til oss: ”Jaja, det er jo sikkert kjekt å ha gjort det”. Nei, det er ikkje kjekt å HA gjort det, det var kjekt å gjere det. Turen var målet, og motivasjonen var å få oppleve kva Noreg hadde å by på, og få vere på tur ein heil sommar – ikkje å kunne seie i ettertid at ”eg har gått Noreg på langs”. Det verkar uansett heilt uverkeleg.

IMG_2596

Kanskje den viktigaste lærdomen me har fått ut av turen heng nettopp saman med at det til tider har vore slitsomt. Kor langt det er mulig å gå, sjølv om ein er sliten, litt lei og helst vil ligge heilt i ro. Slike tankar går over, og plutseleg er ein inne på andre tankar, som kor heldig ein er som kan gå her på tur. Eller kor nydeleg det er akkurat her, no. Innstillinga har ei overraskande kraft, som etter denne turen gjer at me tenker at det aller meste går an om ein bestemmer seg for det.IMG_2542

Sommaren har gitt oss minner for livet, som me vil mimre om ilag til me blir gamle og grå (og kanskje særleg då). Turlivet lokkar tilbake, og kroppen sitrar etter meir. Likevel, på dagar som i dag, når regnet ausar ned og tordenet skrallar, er det nydeleg å kunne sitte inne framføre peisen – og ikkje måtte gå ein meter, om ein ikkje har lyst.

 

 

Advertisements

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Noreg på langs til ettertanke

  1. Takk for » følget» , det har vært en fornøyelse. Dere skriver så godt om opplevelsene ,så minnene og opplevelsene kommer nært på. Og alle de fine bildene og alt det fine været! Litt misunnelig der, var ikke slik for 2 år siden. Men været har sine sider om det er fint eller mindre bra. Det begynner nok å krible i kroppen etter å ta nye turer når det har gått noen måneder. Anbefaler at dere prøver å få tid til det. Rart er det ihvertfall å føle at en tur på ei uke eller to føles som en liten tur, men fint er det også! Lev vel og nyt naturen 🙂

    • NPL-systrene seier:

      Tusen takk for det Bjørn. Og tusen takk for tips og anbefalingar frå deg undervegs! Alltid kjekt å høyre frå ein erfaren turmann! 🙂 Me har verkeleg vore heldige med denne sommaren. Ein fin sommar å gå Noreg på langs, ingen tvil om det! Takk, det skal me gjere, og i like så! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s