Setesdalsheiane – ei siste utfordring

Setesdalsheiane hadde me ingen store forventingar til. Me hadde høyrd lite om område, og brydde oss heller ikkje så mykje. Det skulle berre vere ein siste etappe i terreng, før siste dagane på asfalt. Dessutan høyres «setesdalsheiane» ganske uskyldig og trivelig ut. Det skulle vise seg å bli tyngre, lengre, meir krevjande og finare enn forventa.

20140908-121033.jpg

Kanskje var det at kroppen hadde begynt å innstille seg på å vere framme, kanskje var det det overraskande kuperte terrenget, eller kanskje var det det at me innsåg kor utrulig langt det faktisk var som gjorde det. Uansett, me kjente me var slitne og litt leie, og syra i låra verka til å komme av den minste bakke.

20140908-123217.jpg

20140908-123719.jpg

20140908-123745.jpg

20140908-141244.jpg

Kilometrane gjekk også seinare enn vanleg, og det verka ufattelig at me skulle nå Lindesnes i løpet av dei ti dagane me hadde satt opp. I følge DNT sine ruter hadde me 13 timar i terreng føre oss kvar dag. Flybilletten til Martha tilbake til Stockholm var bestilt, så me måtte berre nå ned. Gleda vart derfor enorm når me første dagen skjønte at me hadde rekna feil, og faktisk hadde 11 dagar å gå. Me vart så glade at me tok ein vill dans på fjellet. Likevel vart det knapt med tid, og lite pausar, så jammen flaks me rekna feil!

Sjølv om dagane var lange, vart det etterkvart eit nydeleg vær, og fine omgivnadar. Dette hjalp godt på humøret og motivasjonen.

20140908-132751.jpg

20140908-132825.jpg

20140908-132842.jpg

20140908-132901.jpg

20140908-132946.jpg

20140908-142123.jpg

20140908-142225.jpg

20140908-142331.jpg

Med fint vær, lettare terreng og betre stemning gjekk også kilometrane raskare, og me klarte endeleg å komme i rute. Me nådde Taumevatnhytta fredag kveld. Der venta det fire Frittgåande Høner – fire spreke damer frå Sørlandet som gjekk på tur i lag kvar første helg i september (opprinneleg sju, men litt frafall). Dei tok svært godt imot oss, og baud oss på tomatsuppe med egg (såklart frå Frittgåande høns), rødvin, heimelaga brød, sjokolade og popcorn. Gjett om me raskt la vår elsk på desse damene!!

20140908-133527.jpg

Dei kunne også fortelje at neste døgn skulle bli noko utrivelig, med mykje nedbør. Jaja, me måtte videre neste dag likevel. Vel halvvegs neste dag kom me innom ei lita hytte kalla Håhelleren. Her var to karar frå før – ein frå Kristiansand og ein frå New York City. Amerikaneren var imponert og frelst over hyttelivet og naturen, og at ein berre kunne ha åpne hytter rundt omkring i fjellet, med mat, og der framande folk kunne komme og prate med kvarandre. Me er enige! DNT er eit fantastisk tilbud, og turen vår hadde ikkje vore den same utan!

20140908-134003.jpg

Sørlendingen lurte på om me gleda oss til det neste døgnet. «Det er meldt 90mm nedbør og flomvarsel», kunne han meddele. Ingen trivelig nyhet, og ikkje lenge etter at me forlot hytta, begynte det å regne. Det regna og regna, og det frista lite å slå opp teltet då me nå visste kva me hadde i vente i løpet av natta. På kartet såg me ein ring rundt ei hytte. Me håpa det skulle vere ei åpen Statsskog-hytte, og kryssa fingrane for at me kunne sove der. Vel framme oppdaga me at hytta var låst. Skuffelsen var enorm, våte og kalde som me var. Me tusla videre med bøyde nakkar. Plutseleg stod ei hytte til forran oss, og me kunne kjenne lukta av røyk frå pipa. Me luska oss opp, og akkurat i det me skulle til å banke på åpna døra seg og ein mann kom ut. Me visste ikkje heilt kva me skulle seie, men stotra fram at me lurte om dette var ei DNT-hytte, sidan me var så kalde og våte, sjølv om me visste det ikkje var det. «Nei dette er ei gjetarhytte», sa mannen som heitte Torgeir. «Vil dåke komme inn å varme dåke litt?» Ja, det ville me. Inne var det varmt og godt, og Torgeir var åleine på hytta, då han venta på dei andre gjetarane som var lenger inne på fjellet og sanka sauer dei kommande dagane. Me såg med lengsel på minst 15 ledige senger. Torgeir spurte kvar me skulle videre, og me fortalte at me egentlig skulle til Gaukhei, men ikkje ville rekke fram før mørket. «Så me må vel snart ut å slå opp teltet..» sukka me. Torgeir tilbydde oss då å sove på hytta, og før han hadde fått spurt ferdig utbraut me:»ååå ja det vil me veldig gjerne! Så snillt av deg!» Freidigheten lenge leve! All høflighet var forsvunne, då me var nærast desperate etter tak over hovudet den natta.

Det vart eit veldig trivelig opphald. Torgeir fortalte oss om gjetarlivet i heiane heilt sidan 1800-talet, og me fekk innblikk i ein for oss heilt framand kultur og historie. Den natta vakna me mange gonger av regnet som slo mot veggane og taket, og var så glade for å vere inne. Neste morgon var det danna seg eit vatn der det førre kveld var ein liten bekk. Vanvittige mengder nedbør var komt den siste natta. Flomvarselen var på sin plass, og det vart ein krevjande dag!

20140908-135800.jpg

20140908-135815.jpg

Me måtte vade utallige elvar, og vandre opp og ned langs elvebreddene for å komme over. Når me ikkje vada elvar gjekk me i bekkar – som stiane var omgjort til. Me var kliss gjennomvåte heile dagen, og kalde. Me håpa å nå Ljosland, men då det vart mørkt var det umulig å ta seg fram i gjørma, og me måtte til slutt slå opp teltet i ei myr. Me var utslitt! Men vel inne i teltet og nedi posen var alt tørt og varmt igjen. Fantastisk!

Ikkje så fantastisk å ta på kliss våte kle neste morgon.

20140908-140529.jpg

Men nå hadde me berre 4 km igjen til vegen. Berre 4 km igjen i terreng på heile turen vår Noreg på langs! Etter den siste vekas strabasiøse ferd kjentes det godt! Framme på vegen vinka me farvel til terrenget.

20140908-140747.jpg

Nå er me på Ljosland fjellstove. Me har dusja, ete biff og dessert. Me har vore på tur i 100 dagar i dag, og har berre tre dagar igjen av turen vår. Det blir på asfalt ned til Lindesnes. Ei trivelig dame på fjellstova her har allerede køyrd avgarde med sekkane våre, og nå legg me snart i veg. På torsdag kjem me etter planen til Lindesnes. Det er ufattelig rart!

Advertisements

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

6 Responses to Setesdalsheiane – ei siste utfordring

  1. Tove Heimvik seier:

    Dåke har vært kjemeflinke 🙂 har vore veldig kjekt å følja dåke på turen !!!

  2. hernesvold seier:

    Utruleg å lese om denne ferda. At de faktisk berre har gjort det. Eg har lese ALT:-)

  3. Arne Ove Teigen seier:

    Dokke har vært gode og det har vore kjekt å fylgja med på det dere har opplevd. God tur vidare.

  4. Johannes Heien seier:

    Bra jobba jenter 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s