Skarvheimen og Finse

Kvifor gå heile Noreg på langs når me har noko av den aller finaste naturen så nær heime? Me er komme til Finse, og vår kjære Hardangervidda.

20140827-165521.jpg

Sidan sist har me gått gjennom Skarvheimen. Det har vore høgt, kupert og steinete.

20140827-171630.jpg

20140827-171302.jpg

Og veldig, veldig fint!

20140827-171532.jpg

20140827-165607.jpg

Dei siste dagane vart lengre enn forventa. Stein og ur gjer at kilometrane går saktare. Når det i tillegg regnar, og steinane blir gjort glatte som eit badegolv med såpe, går det enda seinare. På det verste hadde me ein fart på kanskje 1 km i timen!

20140827-171449.jpg

Me har til og med gått gjennom Helvetet. Kupert og steinete, men elles langt betre enn kva ein skulle forvente av ein stad med eit slikt namn.

20140827-193114.jpg

Dei siste dagane har også gitt oss nokre interessante møter med nokre illsinte skapningar. Her er lemen overalt! Dei hoppar fram på stiane og skriker og freser. Dette gjer at me også hyler og hoppar til himmels kvar gong. Me veit ikkje kven som skrik høgast, men ME døyr i allefall ikkje av sinne. Kanskje eit kurs i anger management ville vore på sin plass, kjære lemen?

Eit anna spesielt møte var av den litt større sorten. Ein dag me balanserte på steinane, kikka me plutseleg opp. Der letta ei gigantisk kongeørn rett føre oss, og flaug rett mot oss. Me var trollbundne av den flotte fuglen som nærma seg. Den var så nær at me tydeleg høyrde kvart vingeslag. Den flaug på sida av oss og fortsatte innover fjellet. Me følgde den med auga. Wow, for ei villmarksoppleving, tenkte me begge. Medan me speida etter ørna dukka plutseleg noko anna opp over bergkanten. To store, gule lys. Hæ? Ein BIL? Plutseleg var den ultimate «into the wild»- opplevinga over, då det viste seg at det gjekk ein grusveg MED bilar rett på sida av oss. Jaja, mon tru om bilen fekk med seg ørna…

Elles er det blitt haust i fjellet. Fargene er blitt meir gule, raude og brune. Lufta er klar og myggen er totalt fordufta.

20140827-171819.jpg

Det er også blitt kaldare, og i natt vakna me i teltet kalde som is. Eit sjokk for to som heile sommaren knapt har kunna lukka glidelåsen på dunposane ein einaste gong på grunn av ekstremvarme. Då me stod opp var teltet dekka av rim. Me pakka saman og kom oss avgårde. Snart stod sola opp, og me fekk varmen.

20140827-165211.jpg

Vandringa over Hallingskarvet i dag har vore nærast euforisk. Sola har skine, og omgivnadane har vore ubeskrivelig vakre.

20140827-171114.jpg

20140827-165346.jpg
Me har kosa oss glugg i hel på vegen ned mot Finse, med utsikt mot
den mektige Hardangerjøkulen føre oss. Før me visste ordet av det var me på Finse. «Nesten heime jo», utbraut me. Og på ein så fin dag!

20140827-195920.jpg

Og som om ikkje dagen var god nok frå før: Her møtte me vårt aller største forbilde for turen vår – Geir Eidsvik! Han har gått Norge på langs før (2003), og det er han me har fått låna alle karta av. Me har stort sett følgd same ruta som han på turen vår. At ruta allerede var laga har gjort turen ekstremt mykje lettare for oss. Alt me har trengt å gjere er å gå den. I tillegg har han gitt oss tips og informasjon om alt som var verdt å vite for ein slik tur.

Allerede før me møtte han har me berre kalla han Jernmannen. Dette av god grunn. Han fullførte Noreg på langs på utrulige 67 dagar, og ryktene i Uskedalen seier til og med at han ein gong løfta ein bil opp frå ei grøft. Medan me syns me går veldig langt om me har gått tre mil ein dag, kan me sjå på kartet (der datoar frå hans tur er teikna inn) at han gjerne har gått både fire om fem mil i same området. Folk me har møtt på turen hugsar Eidsviken, som han med så mykje energi, og som gjekk så langt. Altså ikkje Jernmannen for ingenting!

Uansett, då me var på veg bort til Finsehytta, kom Geir på sykkel opp bak oss. «Velkommen til Finse! Dåke treng ikkje sove på hytta, eg har jo leilighet her, med eige rom til dåke!» Geir jobba nemleg som vaktmester på hotellet på Finse. Me vart kjempeglade, og takka ja. Me fekk beskjed om å kjenne oss som heime i den nydelege leiligheten med utsikt mot jøkulen. Me fekk dusja og vaska kle, og før me visste ordet av det kom han inn døra igjen med seigemenn, cola og anna digg til oss. Her er verkeleg ein som veit kva NPL-arar likar!

20140827-165324.jpg

Etter å ha slappa av, ete godis og lest aviser på sofaen, tok me turen bort på Finsehytta for ein skikkelig treretters. Maten på Finse er noko utanom det vanlege, og særleg dessertbuffeten er noko me har snakka om sidan Nordkapp (faktisk!!).

Gjengen rundt oss på bordet klarte ikkje skjule sin forundring over kor mykje dessert me kunne stappe i oss der me forsynte oss gang på gang. Me lo, og sa at ein blir svolten av å gå langt.

Etterpå gjekk me tilbake til leiligheten, og her vart det deling av turopplevingar med Geir. Tusen takk for eit kjempetrivelig opphald og for ein enorm gjestfrihet! Me tek med oss mange gode tips for dei siste etappane.

20140828-094055.jpg

Og må til slutt legge til at me knapt nokon gong har sett ein liknande utsikt frå doen som her! Finse er nydeleg!

20140828-075908.jpg

Nå gler me oss til å fortsette inn på fantastiske Hardangervidda. Me nærmar oss heimlege trakter, og på fredag kjem mamma, Ellen og vår gode vetlebror Lars Tobias og helsar på. Jammen mykje å glede seg til dei neste dagane, og med berre to drøye veker igjen av eventyret prøver me å nyte kvar dag til det ytterste.

20140827-171038.jpg

Advertisements

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Skarvheimen og Finse

  1. digitalelena seier:

    Eit fantastisk blogginnlegg som vanleg! Og så fantastisk fine bilete! Eg føler nesten eg er med dykk på tur! 😀 Kos dykk vidare og lykke til med dei siste etappane (tenk det!!)! 😀 Love u<3

  2. Dere skriver så fantastisk flott – det er som jeg går ved siden av dere – flotte bilder.
    Ikke glem og skriv bok når dere kommer hjem, jeg kommer til og kjøpe mange og legge de ut på Troms Turlag sine hytter. God tur videre mot målet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s