Jotunheimen og Tour de Norway

«Eg blir glad i hjarta mitt av Jotunheimen», sa Martha før me entra nasjonalparken. Etter dei siste dagane seier Mari seg fullstendig enig. Me er nå ferdig med Jotunheimen, og det har vore nokre fantastiske dagar!

20140822-165939.jpg

Etter Trondheimsopphaldet satt me oss i bilen med Jens igjen, i retning Otta. Otta ligg ganske langt øst i forhold til Jotunheimen. Me bestemte oss derfor for å sitte på med Jens litt vestover. Me hoppa av ved same breddegrad som Otta, berre lenger vest. Herfrå vandra me langs vegen over Valdresflya, mot Gjendesheim.

20140822-170001.jpg

Det vart ein fabelaktig lett og fin tur, då me ENDELIG har fått vår eigen «Tour de Norway-servicebil» (les: Jens og go’opelen). Dei tok Beistet og Raggabasten for oss, kom med mat- og klesforsyningar, og anna NPL-service undervegs.

20140822-170518.jpg

Martha fekk til og med tørke dei våte fjellskoa i motorrommet i pausane. For ein fantastisk luksus!

20140822-170506.jpg

Neste dag, litt utpå dagen, kom me til Gjendesheim. Herfrå var planen å gå Besseggen og Bukkalægret. Værvarselet for dei neste dagane viste store mengder regn, lyn og torden. Me såg det som uforsvarlig og kjedeleg å ta turen opp i høgden i slik vær. Denne dagen var det imidlertid greit vær, og me såg at me kunne nå å gå eit av fjella før det vart mørkt. Me tok derfor båten vestover langsmed Besseggen inn til Memurubu, og gjekk turen derfrå over Bukkalægret. Her vart Jens også med, og han forlot servicebilen.

20140822-172335.jpg

Mari, med ein viss høgdeskrekk innabords, hadde heilt sidan me la opp ruta vore litt skeptisk til turen ned Bukkalægret, då kartet viser ein sti RETT ned ei fjellside- som eit stup. Kartet lyg aldri, og det var akkurat så bratt som forventa!

20140822-172212.jpg

Likevel, når ein kjem nær går alt som regel mykje betre. I tillegg hjalp det enormt på Mari si mestringskjensle at me møtte to svenskar midt i fjellveggen – på sin første vandringstur nokon sinne. Dei hadde lest på Visit Norway at dette skulle vere ein nybyrjartur, og var mildt sagt litt sjokkert. Jens gjorde det heile i overkant spennande, då han plutseleg haldt på å snubla på kanten av det brattaste. Men det gjekk bra, og me lo og koste oss ned fjellsida, om enn med ein del adrenalin i blodet.

20140822-172141.jpg

20140822-172111.jpg

20140822-170658.jpg

Dette var vår første skikkelige topptur på turen, og utan sekkar (som me sendte heilt til Gjendebu med båten) var det heilt fantastisk! Ikkje minst var utsikten og omgivnadane spektakulære!

Me gjekk til Gjendebu, og fekk servert treretters middag. Perfekt avslutning på ein nydeleg dag!

20140822-170551.jpg

Idag, etter lang og god frukost, vandra me mot Eidsbugarden og Fondsbu. Jens slo følge eit stykke, før han gjekk tilbake og tok båten tilbake til bilen. Han tok også med sekkane tilbake på båten. Vår helt!

20140822-170102.jpg

Me har svevd over fjellet, plukka blåbær og kosa oss. Nå sit me på Fondsbu og har ete burger.
Deilig!

20140822-170434.jpg

Vidare går turen ned til Tyinkrysset på asfalt, før me entrar Skarvheimen og deretter Hardangervidda. Nå skal me gå imøtes med Tour de Norway-bilen og Jens, før me saman med dei slår opp teltet for natta. Me har det fantastisk fint!

Advertisements

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

6 Responses to Jotunheimen og Tour de Norway

  1. Johannes Heien seier:

    Har òg ete middag på Gjendebu! Herleg plass, med ein veldig interessant historie om Gjendine!

  2. Ingvill G Sberg seier:

    Gratulera med vel overstått eksamen Mari! Fantastisk!! God tur vidare begge to:-):-)helsing Ingvill

    Sendt fra min HTC

  3. Addi seier:

    Jens e den nye selfie-kongen!

    Kossen e skuldra di, Martha?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s