10.etappe: Meråker – Røros

Etter ein hard siste etappe i nord kom endeleg den etterlengta kviledagen. Forrige kviledag hadde me i Hattfjelldal for fire veker sidan, så kroppen jubla for ein dag utan gåing.

Me tok fly ned til Trondheim der Mari reiste og henta depotpakken med kart og mat, og Martha venta på Tobias på flyplassen. Tobias hadde ikkje blitt skremt vekk forrige gang, og kom og ville vere med nokon dagar til.

Me reiste ut til Marie (som var med på tur frå Steikvasselv til Umbukta) der me fekk ein optimal kviledag. Marie hadde tenkt at me sikkert var svoltne, og hadde lurt på kva ho skulle servere oss. Ho kom på uttrykket «så svolten at eg kunne ete ein hest», og henta opp Emil (far til Marie sin hest) frå frysaren. Så blei det grilla hest med herlig tilbehør på terrassen. Me kan ikkje hugse sist me var så mette.

20140812-201411.jpg

Etter middag blei det kake og jordbær. Hos Marie fikk me i tillegg vaska klær, helsa på 9 supersøte vorstehkvalpar, og fikk til og med heimalaga brød til frukost neste dag. Etter frukost kjørte ho oss ut til Meråker og turen kunne begynne igjen. Denne gangen mot sør.

Det var uvant med sol i ansiktet heile dagen, og Mari såg stadig vekk feil veg på både GPS og kartet, ho ville stadig ta vegen mot nord. I tillegg føltes det nærast som me hadde reist i tid. Plutseleg var det haust. Det vart mørkt tidleg på kvelden, det var mykje sopp i skogen, men kanskje den største utfordringa var den enorme mengden modne blåbær og molte. Korleis skal me komme oss til Lindesnes når me må ha blåbærpause kvar 100.meter?

20140812-201304.jpg

20140812-210650.jpg

Me traska i veg frå Meråker, og det tok ikkje lange tida før me fikk haika sekkane avgårde eit stykke. Ein lett og fin start på dagen. Dei vart kjørt til ei hytta kalla Bjørneggen. Når me kom dit varma me oss real turmat på hytta før me gjekk vidare.

20140812-201328.jpg

Fleire kilometer og blåbær seinare vart det tid for å campe. Tobias fortalte att han hadde med faren sitt telt, som han hadde fått til 16-års dagen. Tobias hadde heller aldri slått det opp før, og me klødde oss i hovudet og leita etter ein bruksanvisning. Eit par MacGyver-triks seinare stod teltet, og me sov som nokre steinar heile natta.

20140812-201150.jpg

Mari fekk også sove åleine for første gong på turen. Stjerneposisjon var ønskeleg, men vanskeleg i sovepose. Sidelengs åmeposisjon er imidlertid bra det også…

Neste morgon hadde Martha bursdag. Då vart det unntak frå regelen (sjokolademandag) og det blei sjokolade til frukost (på ein fredag!!). I tillegg blei det sang og gaveutdeling. Perfekt start på dagen ifølge Martha.

20140812-201038.jpg

Me gjekk til ei nydelig hytta kalla Storerikvollen.

20140812-201120.jpg

Der serverte Mari og Tobias kaka og vin.

20140812-201009.jpg
Tobias fekk låna telefonen på hytta og ringt til Nedalshytta, og dei lova oss viltgryte når me kom fram, på trass av att det blei etter serveringa var stengt. Nå hadde me verkeleg noko å gå mot, og peisa vidare til Nedalshytta. Tobias tok og ein del tunge ting frå sekken til Martha, så dagen blei enda litt kjekkare og bedre.

20140812-200949.jpg

20140812-200855.jpg

Då me kom fram fikk me dusje, noko me i grunn såg på som totalt unødvendig, då me hadde dusja for berre tre dagar sidan. Me orka i alle fall ikkje å vaske håret. Etter det vart det trerettars og ei iskald øl. Ein perfekt avslutning på ein fin dag.

Neste dag bar det vidare. Men ikkje så langt. Ved Væktarstua venta me på bussen Tobias skulle ta heim. Tilfeldigvis hadde dei også søndagsbuffet her, og den kunne me ikkje la gå frå oss. Middagar og dessertar gjekk ned med stor fornøying. Kiloane som er forsvunne dei første månadane på tur kjem nok raskt tilbake igjen her i sør. Væktarstua gjekk nok i allefall ikkje i pluss med å ha oss på buffetbesøk. Etter adjø med Tobias vandra me, gode og mette, vidare gjennom Tydalen og mot Røros.

20140812-201345.jpg

Dagen etter vart ein lang dag. Det regna og blåste utan like. Etter tidenes sommar er me blitt ekstremt bortskjemt med tanke på været, og me er fullstendig klar over at me ikkje har nokon rett til å klage på litt uvær nå. Likevel: dei som påstår at dei likar å vere på langtur i drittvær lyg – det er me hundre prosent overbevist om!

20140812-201108.jpg

Men heldigvis var regn og vind kortvarig, og me kom oss gjennom det (om det ikkje var eit trivelig gjensyn).
Etter møte med mange nydelige, gamle trønderboligar, trivelige trøndarar og blide kyr…

20140812-200218.jpg
…er me nå framme i Røros.

20140812-201432.jpg

Fantastisk stad som me godt kan forstå har ein plass på verdsarvlista. Ettermiddagen har gått med til sightseeing og avslapping. Neste etappemål er Otta, og før den tid ventar nokre dagar på asfalt før me skal inn i den eldste nasjonalparken i Noreg: Rondane! Me gler oss til det siste!:-)

20140812-201451.jpg

20140812-200113.jpg

Advertisements

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s