Norge på langs-mat

20140807-114016.jpg

Som dåke kanskje har lagt merke til, handlar mykje av bloggen vår om mat, og dei aller største høgdepunkta me fortel om er gjerne knytt til eit godt måltid. Mat er ein spesielt viktig del av liva våre om dagen, og me syns derfor det er på sin plass med eit eige innlegg om det.

Ein blir svolten av å gå heile dagane. Det er vanskeleg å få bore med seg nok mat for lange etappar, og me må rasjonere for at lageret i sekken skal vare til neste matstasjon. «Nei, Mari! Ikkje meir enn to polarbrød til dette måltidet!» Dette gjer at me stadig snakkar om og tenker på kva me skal ete til dei ulike pausane. Ofte snakkar me også om all den deilige maten me skal kjøpe når me kjem til butikk eller restaurantar. Når me snakkar om dette får me ein fysisk reaksjon. Me blir FAKTISK mo i knea. Det verste er matlukt, som å gå forbi nokon som har grillfest. Då knekk knea nesten saman, og magen startar å ule som ei sirene. Heilt sant!

Som dåke forstår er mat over middels viktig for oss. Me går aldri forbi ein stad som sel mat, men oppå fjellet skjer ikkje det kvar dag (særleg ikkje i nord). Her er ein oversikt over vår matkvardag. Kanskje kan det gi andre nokre tips til turmat?

Til frukost er det havregrynsgraut som står på menyen. Me brukar store havregryn som me legg i vatn kvelden før. Då eser dei ut, og treng kun eit raskt oppkok neste morgon. Med eit godt smørstykke i grauten held me oss mette ganske lenge. Kanel, sukker, rosiner, syltetøy, honning eller nøtter gjer grauten ekstra delikat. I det siste har me endelig begynt å finne blåbær også. Ingenting er som nyplukka, varme blåbær i grauten. Då blir me lykkelige!

20140812-081112.jpg

20140811-215216.jpg

Kaffi må også til på morgenkvisten. Kokmalt Ali kaffe gir den beste kaffien i fjellheimen. Det er deilig med ein kopp om morgonen å vakne til.

20140806-235116.jpg

På mandagar er det ekstra stas med kaffi. Me har nemlig innført sjokolademandag, då me et store mengder sjokolade som dessert til frukosten, for å få ein ekstra god start på veka. Alle veit jo at kaffi og sjokolade er den perfekte kombinasjon. Samtidig kjenner me oss litt crazy av eit så vilt påfunn… Små gleder i kvardagen…

Me følgjer framleis gå-regimet vårt med ein time gåing og så pause. Dei fleste pausane er korte der me et noko lite for å få litt energipåfyll. Då et me polarbrød, nøtter, smågodt, sjokolade, Rett-i-koppen og Eat Natural.

Eat Natural

Me er ekstremt glade for å ha blitt sponsa med energibarane frå Eat Natural. Dei er gode og gir oss energi som held. Det er mange ulike smakar, så me går ikkje lei. Ut frå namnet har barane ingen tilsetjingsstoff og består av naturlege ingrediensar. Me kjem til å fortsette å kjøpe Eat Natural etter denne turen, til tur, trening eller reis. Absolutt å anbefale!

20140806-234157.jpg
Me har funne oss tre favorittar. Her er både mørk sjokolade, melkesjokolade og yoghurt. Inni er nøtter, rosiner, tranebær, blåbær, gresskarkjerner og anna digg!

20140806-234421.jpg

Real Turmat

Midt på dagen har me ein lengre pause, der me lagar oss middag. Den består av kjente og kjære Real Turmat. Viss me skulle pakka med oss middag for åtte dagar tilsvarande råvarene me finn i Real Turmat, ville me ikkje kunna rikka oss av flekken. Med Real Turmat får ein 8 middagar for under eit kilo til saman og med nok kaloriar og næring som vanlege middagar. På ein tur som denne er ein skikkelig middag kvar dag heilt avgjerande.

20140806-234254.jpg

Det finst også her utruleg mange alternativ, og etter over to månadar på tur har me smakt ein heil del. Me har laga ei topp 5-liste.

1. Storfegryte
2. Steinbitgryte
3. Lapskaus
4. Pasta Provence
5. Kebabgryte

Me er glad Real Turmat finst! I tillegg fungerer posen ekstremt godt til å varme seg på på kalde dagar medan ein ventar på at retten skal bli klar.

20140806-235106.jpg

Til sist må me legge til kor fantastisk mat smakar ute på tur. Me har ikkje tal på kor mange gonger i løpet av denne turen me har sagt: «Dette er seriøst det beste måltidet eg har ete i heile mitt liv!» Me oppfordrar derfor alle til å ta neste middag ute i det fri, og kjenne kor godt det smakar då! 🙂

Advertisements

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s