9.etappe: Eit hardkjør – nå bere det mot sør!

På sankthansafta forlot me eit snødekt Troms, og reiste til Trøndelag for å gå nordover derfrå. Tre veker på asfalt og framleis store mengder snø og enorme elver i fjellet gjorde at me måtte endre på planane, og stokke litt på ruta. Me gjekk frå Nordkapp til Skibotn før me forlot Troms. I gårkveld kom me opp til Skibotn igjen, «holet» er tetta, og me kan nå seie at me har gått gjennom heile Finnmark, Troms, Nordland og Nord-Trøndelag. Me veit ikkje Skibotn akkurat er Lindesnes, men det har likevel vore eit mål me har gått mot i over ein månad, og det er rart og herleg å vere tilbake!

Me starta frå Abisko for ei veke sidan. Allereie første kvelden kom me inn i Noreg igjen. Gjensynsgleda var stor. Sverige var fint og lettgått, men nå var me klare for norsk natur og spenstige Troms-fjell.

20140807-001604.jpg

Me tok inn på Lappjordhytta den kvelden, og ikkje før me hadde lukka døra, blåste det opp utanfor, og regnet pøsa ned. Fantastisk med hytte ein slik kveld! Hyttenettet her i Troms har vist seg å vere imponerande, med nydelege ubetjente hytter i svært god stand. Og for ungdom (ja, i DNT er ein ungdom til ein er 26) kostar det berre 60 kr natta her.

Neste dagen kom me til Innset. Her besøkte me Bjørn Clauer og hans huskyfarm. Bjørn har sjølv gått Noreg på langs gjennom eit heilt år. Siste delen av turen fekk han låne ein husky med seg, og dette gav meirsmak. Han fekk då ein draum om å få sitt eige hundespann ein dag, og i dag lev han av å ta med turistar ut på sledeturar, med dei vel 60 grønlandshundane sine.

20140807-004648.jpg

20140807-004751.jpg

Bjørn hadde også vore så kjekk å tatt imot depotpakke frå oss, så her fekk me ut nye kart. Den kvelden vart det mykje kartstudering. Kor kort tid kunne me bruke til Skibotn? Kva dato skulle me bestille flyet ned igjen til Trondheim? Sidan før me starta har me hatt ein plan B, som me eigentleg tenkte ville vere den mest sannsynlege, om å sykle frå Trondheim og ned til Otta når me kjem der. Dette for å spare tid, då turen må vere ferdig 14.september, grunna jobb og skule. Det er fleire som har gått Noreg på langs på mindre enn 100 dagar, men for vår kapasitet såg me at det kunne bli knapt. Dei siste vekene har me imidlertid sett at det kanskje kunne gå å vandre heile vegen likevel. Me har ikkje hatt ein skikkelig kviledag sidan Hattfjelldal (4 veker sidan), og har auka kilometermål per dag for kvar etappe som har gått. Denne etappen tok imidlertid kaka. Me bestemte oss for fem dagar til Skibotn, noko som innebar 35 km i snitt per dag. Dette var lenger enn me nokon gong hadde gått, og i Troms er det ikkje flatt, men kanskje heller ein av dei meir kuperte delane av ruta vår.

20140807-012605.jpg

20140807-012738.jpg

Dermed susar ikkje akkurat kilometrane av garde, som dei gjorde i Sverige. Nokon gonger i løpet av dei fem dagane lurte me på om me i det heile tatt skulle komme fram i tide til flyet gjekk.

20140807-010105.jpg

20140807-083152.jpg

Og som om ikkje dagane var lange nok frå før, vart me her for første gong værfaste. Det kunne verke som at Troms syns me hadde komme for lett frå det værmessig gjennom Nord-Noreg, med ein månad med kun sol og varme. Tredje dagen frå Innset opna i allefall skyene seg og tømte alt sitt innhald over oss. Klissvåte kraup me inn i vedskjulet/utedoen på Rostahytta. Me hadde framleis 10 km igjen før dagsmålet var nådd, og ville derfor ikkje gå inn på hytta og søle den til. På utedoen drakk me litt varm suppe, medan me høyrde været utanfor bli verre og verre.

20140807-010943.jpg
Etterkvart kom også torden, lyn og ei grauttjukk tåke, og då den neste mila som venta oss gjekk opp på høgfjellet, innsåg me at det ikkje var den beste ideen å fortsette. Det tok ikkje lange tida før me låg tørre og gode under ullpleddet på sofaen på Rostahytta, med Real Turmat og Donaldblad i henda. Deilig!

Grunna den tidlege kvelden, vart dei to siste dagane enda lengre, heile fire mil kvar. Grytidleg neste morgon var me derfor klare til start. Me vandra opp Isdalen, som utan tvil kjem med på lista over dei finaste plassane på denne turen. Været var perfekt og omgivnadane heilt fantastiske!

20140807-011736.jpg

20140807-012224.jpg

20140807-012247.jpg

20140807-012533.jpg

I slike omgivnadar er det godt å vere på tur, og ein gløymer alt av slitne og vonde føtter, eller svoltne magar. Alt slik var også gløymd då me like etter møtte på to overentusiastiske engelskmenn. Dei såg ut som dei svevde der dei kom opp berga, med to store smil. Dei kom frå London, og syns at alt her i fjella var ABSOLUTELY AMAZING! Til og med stormen kvelden før var etter deira meining heilt fantastisk! Me innsåg kontrasten dei må oppleve her i dei nærast folketomme fjella etter kvardagen i London. Og det var rett før dei letta frå bakken av begeistring då me sa det var reinsdyr rett bak haugen dei snart skulle opp til. Det voldsomme engasjementet og positiviteten var smittande, og me smilte og lo av møtet heile vegen til Gappohytta. Her laga me oss lunsj, og tok ein powernap på sofaen. Etter knapt eit einaste hytteopphald på heile turen, hadde me nå jammen fått sansen for hyttelivet!

Men me måtte vidare. Troms var imidlertid ikkje ferdig med oss riktig enda, og knapt ein kilometer frå hytta braka det laus igjen med eit enda verre tordenvær enn kvelden før. For kvart tordensmell knakk me meir og meir saman i knea, til me til slutt huka oss ned bak ein stein som to våte og livredde kattar. Eller huka og huka. Martha, som ikkje lenger akkurat er smidig som ein pusekatt, la seg heller horisontalt. Her venta me til det verste gav seg, før me litt småskjelvne labba avgårde igjen.

Ned Signaldalen enda vår ferd i terreng her i nord, og me hadde 47 km langs veg igjen til Skibotn.

20140807-014523.jpg

Me fekk til og med helse på E6 igjen…

20140807-014643.jpg

Det var ikkje noko blidt møte. Mykje tydar på at asfalten er blitt hardare sidan sist, og trykksmertene i føttene vart etterkvart enorm. Føttene kjentes som brennande, sprekkeferdige pailabbar der me stabba oss avgårde. «Snart framme nå føtter, snart framme!» Då me endeleg kom til campingen i Skibotn, kom tårene og latteren om kvarandre. Me kom oss bort til nokre benkar, der ein gjeng lastebilsjåførar sat. «Nå trudde eg det var ein gammal krok som kom gåande», slengte han eine utav seg til Martha (slik kjentes det også). «Har dåke gått langt?» «Ja, NÅ har me gått langt», sa me i kor og lo.

Til vår store glede var gatekjøkkenet på campingen framleis ope då me kom, og det vart baconcheeseburger til kvelds – same måltid som sist me sat der, for drøye seks veker sidan.

20140807-014826.jpg

20140807-014854.jpg

Me er veldig glade me tok valet og reiste sørover i juni. Me har hatt ein nydelig tur nordover nesten utan snø og store elvar. I dag reiser me til Tromsø og deretter Trondheim. Det skal bli godt, og nødvendig, med ein kviledag. Me er slitne, men fornøyde. Det er uvirkelig at me har gått etappen opp som me idag skal fly ned. Me gler oss til å gå sørover igjen. Endelig nedoverbakke!

20140807-082720.jpg

20140807-082748.jpg

20140807-082843.jpg

Advertisements

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

6 Responses to 9.etappe: Eit hardkjør – nå bere det mot sør!

  1. hernesvold seier:

    Fantastiske bilete og morosam lesing som alltid. Velkommen ned att til Sør-Trøndelag og god tur i nedoverbakke!

  2. Dere er bare så fantastisk 🙂 Det er klart dere rekker å gå hele veien. Stakkars Tobias, om det var et kjør sist han gikk med dere så blir det er rotteres denne gangen. Gleder meg masse til dere kommer hit!!

    • NPL-systrene seier:

      Haha ja stakkar Tobias! Men han imponerte sist, så det går nok bra 😉 det gjorde forsåvidt du også – du skal ikkje bare bli med i helga du også? 😉 me glede oss stort til å komma å besøka dåke!!

  3. Eldbjørg Teigen seier:

    GRATULERER !!!!!!!

    Sendt fra min iPad

    Den 7. aug. 2014 kl. 08:37 skrev «NPL-systrene» :

    >
    >

  4. Liv seier:

    For en bragd dere har gjort.. Stolt over dere!!!!!!!!!!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s