6.etappe: Himmel og helvete

6.etappe, frå Hattfjelldal til Umbukta, er gjennomførd. Det har vore ei kontrastfull oppleving.

20140715-192807.jpg

Etter avslapping i ekstremvarmen i Hattfjelldal, loffa me langs asfalt til Krutvatnet, der me skulle ta inn på Nordlandsruta. At Solbjørg og Lars frakta sekkane våre denne dagen, gjorde dei tre mila lette og fine. Seint utpå kvelden kom me forbi ein rasteplass ved Krutvatnet. Der kom ei dame ut i vegen og vinka og ropte på engelsk til oss. Ho syns me såg varme ut, og lurte på om me ville ha litt å drikke. Me var på kokepunktet, og takka ja. Dama var på ferie frå Nederland med mannen sin. Dei reiste til Noreg kvar sommar og samla drivved. Drivveden brukte ho til å lage fine kunstverk, skilt og veggpynt som ho selde. Dei viste oss bagasjerommet, som var fullt i ved, samt noko av det ho hadde laga. Artig, imponerande og kjempefine! Her kan du sjå resultatet. Eit trivelig møte!

20140715-193059.jpg

Vel framme ved Krutvatnet fann me ei hyggeleg overrasking. Her hadde Statskog satt opp ei herleg hytte der me fekk overnatte gratis. Luksus!

20140715-192545.jpg
Og ikkje nok med det! Her hadde andre også vore innom, nemleg ingen ringare enn vår store helt Lars Monsen!

20140715-192650.jpg
Starstrucked!!

Neste dag steikte sola framleis. Det var varmare enn nokon sinne. Sekkane vog nå 24 kg, meir enn nokon gong før. Me bada ved kvar anledning, men var like kokt igjen rett etter. Me prøvde oss på siesta på fjellet, men det var ingen stad å gøyme seg frå den steikande sola. Lufta stod stille, og skuggar fantes ikkje. Men dette var ikkje det verste. Denne dagen var nemleg alle insekta på heile fjellet ute etter oss. Insekt i alle størrelsar og fasongar prøvde konstant å kaste seg over oss. Nokon sa ein gong til oss at problemet med insekt berre handla om innstillinga. «Innstilling, innstilling», tenkte me, «det er uansett ingenting å gjere. Tenk på noko anna». Men kvar gong ein mygg kom pipande inn i øyra, i tillegg til fem klegg tok kamikazeangrep mot auga våre, og ein million knott og floger saug seg fast i knehasar, hovudbunn, skuldre og alle andre tenkelege stadar, var det like før me mista vetet begge to. Nede frå fjellet igjen vart det så intenst at me kapitulerte inn i tjukke lag med skallklede. I 35 grader var heller ikkje dette noko særleg. Me trådde nedover lia som to kokte hummarar. Til slutt enda Martha i fosterstilling på bakken, medan Mari kikka rådvill rundt seg, fokusert på å ikkje bli fullstendig gal. Me fann til slutt ein teltstad, og kom oss i «hus». Tidenes sommarvarme og insektsangrep gjorde at me var svært samstemte i at dette var den verste dagen på tur så langt.

20140715-194824.jpg

Neste morgon peisa me tidleg av gårde, medan me sang for full hals på Kaizers sin «Bris», i håp om nettopp brisen. Det funka – heldigvis! Både verste varmen og insekta vart fjerna av denne deilige, deilige brisen. Stemninga vart god igjen, og me innsåg at det beste med innsekta er kor deilig det er når dei er borte.

20140715-192619.jpg

Denne dagen kom me til Steikvasselv, der me fekk eit nydeleg hus heilt for oss sjølve. Eller ikkje heilt for oss sjølve då. Her venta nemleg Mari si spreke og fabelaktige venninne frå Trondheim, Marie, og vorstehren hennar Peiling. Dei var klare for tre dagar på tur med oss. Det vart tre nydelege dagar, og dei var eit herleg turfølge! To stjerner! Underhaldning gav dei oss også, då Marie skulle trene opp fuglehunden sin. Litt forskrekka vart me då Marie drog opp ein pistol midt på høgfjellet, og smelte av. «Peiling må berre bli vant til lyden», smilte ho.

20140715-192729.jpg

Me har hatt utsikt over dei mektige Okstindane dei siste dagane, hatt litt meir behagelig vær, og litt mindre innsekt. Gjesteinnlegg frå Marie kjem, så følg med!

20140715-194618.jpg

20140715-193005.jpg

Nå er me komt til Umbukta Fjellstue, ei perle frå 1800-talet. Me har hatt oss ein haiketur til Mo i Rana, der me sendte Marie og Peiling på toget, og kikka på byen. Nå er me innkvartert i eit lite stabbur, der alle som går Noreg på langs får bu. Me er fortalt at det spøker her, og er spent på kva natta har å by på. Idyllisk er det i allefall.

20140715-193720.jpg

Advertisements

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

4 Responses to 6.etappe: Himmel og helvete

  1. kiiwrettep seier:

    Hei og takk for sist! Støtte valget dokk tok når dokker kom te Store Namsvatnet. Ett vann eg aldri ska gå rundt igjen. Hils masse te Thor Inge og Sølve på Umbukta Fjellstue!

    Petter Wiik

    • NPL-systrene seier:

      Takk for det! Var litt utslagsgivande då me høyrde om dine opplevelsar rundt vatnet der også.. Høyrdes utfordrande ut! Og tusen takk for lånet av kart. Me sendte dei i Nordli, og skal vere komt til Stavanger nå. Dei var gull verdt! God tur videre!:-)

  2. Hei!

    Eg leiger nabokontoret til mor dykkar og høyrte om denne turen dåke skulle ha i vår. Og som fjellglad jente så måtte eg berre følge med bloggen. Til tross for at eg ikkje kjenner dåke så er det veldig interessant og morosamt å lese innlegga dykkar! Dåke skriv og skildrar så godt! Lukka til vidare! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s