Frå Nordkapp til Olderfjord – ei veke på tur!

Sju dagar er gått sidan to spente systre satte seg på eit lite propellfly frå Trondheim til Honningsvåg. Sidan då har me lagt bak oss 130km på asfalt, frå Nordkapp til Olderfjord.

20140606-213457.jpg

Sidan den litt sure starten vår værmessig på Nordkapp, har det skjedd ein enorm forandring. Sola har skine kvar dag, og vore medverkande til at pausar i lyngen har vorte lange og behagelige. Dei siste to dagane har det vore så varmt at det har overgått den finaste sommardag heime på Vestlandet. Lokale fjellsamar kan fortelje at me har truffe blink, då sommaren gjerne er over i løpet av to veker. Me kjenner oss heldige!

20140606-210541.jpg

Me har allereie frå Nordkapp hatt faste «turkvardagsrutinar». Mari er søppel-og oppvaskemaskin, Martha er kokk. Me hadde på førehand bestemt oss for eit knallhardt gå-regime, som går ut på 1 time gåing og 10-15 minutts pause. Gå-delen følgjer me på minuttet. Pause-delen derimot har sklidd heilt ut. Det blir fort ein times pause om gongen, gjerne inkludert ein blund i lyngen. Me likar det!

20140606-211657.jpg

Elles har me stort sett følgd asfalten, noko som kjennes i føttene. Der det er mogleg snik me oss ut på viddene, men dei siste dagane har vegane følgd kysten, med stupbratte fjellsider over oss. Rasfare-skilta er ein gjengangar, og det set jammen fart på to slitne vestlendingar. Mørke tunnelar har me også fått prøvd oss på. Nå ser det verste av den biten heldigvis ut til å vere over, og me skal bevege oss opp i meir viddelandskap i morgon.

20140606-212255.jpg

Det å gå langs kysten har trass asfalt og rasfare vore ei glede. Me er blitt bitt av fuglebasillen, akkurat som våre foreldre, og følgjer nå entusiastisk med på ulike små og store fuglar langs vegen. Me har blant anna oppdaga kor uttrykket «lovebirds» stammar frå. Her er både måkar, tjeld og tårnfalkar kjærestar. Vår mest spennande fugleobservasjon var då to tårnfalkar såg ut til å ville ta oss. Me tenkte dei såg oss som ein trussel mot ungane/egga sine. Det var før me såg verdas største ørn eit par meter frå oss. Det gigantiske beistet flaug opp og satte seg på tårnet til tårnfalkane. Då vart falkemor sint, og stupte rett i hovudet på den sikkert fire gonger så store ørna. Då gav ørna opp, og måtte fint nøye seg med fisk til middag. Midt oppi dramaet stod me og gapa! Vips: fuglentusiastar me og!

Idag kom me til Olderfjord, og har hatt ein deilig pausedag på Olderfjord Russenes camping, med etterlengta dusj, finnbiff og iskald øl. Me er teke svært godt imot av nokre trivelige fjellsamar, som har gitt oss innføring i både reinsdrift og reinspolitikk, samt vist stor interesse for turen vår.

I kveld ankom også Cecilia, Antti og Bilbo, (norwaybyfoot) to finnar og ein dvergdachs som også går Norge på langs, som starta ein dag etter oss. Trivelig gjeng, og me har allereie planlagd felles feiring når me alle ankjem Alta om fem dagar. Me er særleg imponert over lille Bilbo!

20140606-213926.jpg

Så langt elskar me å gå Noreg på langs. Det er som eit eventyr, ein veit aldri kva som ventar bak neste sving.

20140606-214328.jpg

Advertisements

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

8 Responses to Frå Nordkapp til Olderfjord – ei veke på tur!

  1. Ida seier:

    Å, det ser så utrolig herlig ut! En dag (forhåpentligvis om ikke altfor mange år) må jeg bare gjøre det samme! Kos dere masse videre på tur. Jeg gleder meg til å følge med videre 🙂

  2. Elise seier:

    Dåkke er fantastiske jenter. Mari sa til meg, før ho reiste at om eg ville kommentere så måtte eg skrive på nynorsk. Siden dere to systre gjer ein så god innsats skal eg prøva meg. Så eg vil berre si, kos dåkke masse på tur, og det gleder eit hjarte at dåkke forsatt er glade og nøgd!

    God tur, Noregs kuleste systre! (Forsøk på nynorsk del ein! Lover å forbedre meg for kvart steg dåkke tek!)

  3. Jørn Hogseth seier:

    Ååååh, nei…. Lager Martha maten?!!
    Og sånn forresten, dere er RÅE!

  4. Ingrid Andresen Lund seier:

    Så gøy at dere er godt i gang! Kjenner igjen pausene som sklir ut og blir like lange som gå-etappene selv, haha! Husk å lufte sko og føtter i lyngen! Skimter også et par gå-staver, meget lurt;) Lykke til videre!

    • NPL-systrene seier:

      Tusen takk Ingrid! 😊 Ja det blei stavar, og det er jammen gull verdt. Veit ikkje korleis det ville gått utan. Og tærna blir lufta ved kvar ledige stund. Det trengs 😉. Tusen takk for tips! Det kjem veldig godt med!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s