Me er i gang!

Turen er i gang! Me ligg nå i teltet i Honningsvåg, og er tilbake der me landa igår.

Då me landa i Honningsvåg i går, venta ein utrulig trivelig kar med namn Emil på oss. Han køyrde oss til Nordkapp, blid og fornøyd, og sa: «Det skulle da bare mangle». Ja det skulle kanskje det. Eller? Emil var trass alt ein kompis av ein kompis av ei venninne til Martha. Tusen takk!!:)

20140601-195358.jpg</

Vårt inntrykk er at fleire er som Emil her langt oppe i nord. På vår ferd frå Nordkapp igår og i dag har me følgd asfaltvegen. Dei bilane som passerer vinkar, smiler og heiar.

Igår, etter å ha teke obligatoriske bilete frå Nordkapp-platået,starta me å gå, litt fnisande, då det var vanskelig å forstå at det heile er i gang. Etter ca. 7km slo me opp teltet med eit vatn, med fullt av reinsdyr omkring oss. Eksotisk for to vestlendingar!

Idag har vore ein lang dag. 24 km er vandra, framleis langs asfalt. Først over fjell i regn, vind og tåke. Me kan herved også avkrefte vår forestilling om (1) at Finnmark er flatt og (2) at det ikkje berre går nedover frå Nordkapp til Lindesnes.

20140601-200211.jpg

Til slutt kom me ned til lavlandet, til Skipsfjord, der me møtte ein hyggelig svenske (ja, dei er også her), som kunne fortelje at det om ca. 5 km var ein open rema 1000. «Å konge, det går fort», tenkte me. Det gjekk seint! Og var tungt! Dei 20 kiloane på ryggen vart tyngre og tyngre for kvar meter. Gangsperr på dei merkeligaste stader slo inn. Og då me endelig nådde staden, kom sola fram og me kollapsa i grøfta i stjerneformasjon mot himmelen.

20140601-201133.jpg

Etter to store hamburgarar, og nå på plass i soveposen, var det verdt det! Me stortivst, og har tru på at såre musklar blir betre etter kvart. Ingen gnagsår, godt humør og spennande natur! Imorgon blir imidlertid ein rolegare dag!

Peace out!

20140601-202119.jpg

Advertisements

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Me er i gang!

  1. Marie seier:

    Dere MÅÅÅÅ ta det rolig i begynnelsen jenter!! Ikke press dere, ta heller en pause for mye enn en for lite. Og ikke press «de siste kilometerne». En vannblemme tar mye lengre tid å bli kvitt enn å få.

    Vi følger med!! Ta det rolig de første ukene, så ses vi kanskje i Sulitjelma 😉

  2. Susanne seier:

    Så spennende!! 🙂
    Deres egen 71 grader nord tur gjennom Norge 🙂
    Kommer til å følge med dere.

    God tur videre!

  3. Trond Åge seier:

    ¨Hei! Gleder meg til å følge deres ferd igjennom Norge. Husk:» Mitt lavlandsliv har jeg levet ut, her oppe finnes frihet og Gud. Der nede famler de andre..!»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s