Birkebeinerrennet – AVLYST!

Fredag 14.mars reiste to bilar fulle av glade og spente skiløparar til Rena, ein frå Trondheim – ein frå Stockholm.

Sidan me i år meir enn noko anna år treng opptrening til sommaren, bestemte me oss tidleg for å melde oss på Birkebeinerrennet, for å ha eit godt delmål i opptreninga. Enda betre var det at fleire ville vere med oss å gå rennet, og det heile såg ut til å bli vinterens happening. Sidan tidleg haust har Birken vore diskusjonstema og mål for både styrke- og kondistrening. Det at snøen i stor grad uteblei både i Trondheim og Stockholm denne vinteren gjorde ikkje terpinga av skiteknikk optimal. Likevel var det to oppstemte og spente gjengar som fredag kveld ankom Rena. Smøretips vart slukt glupsk, og skia våre har nok aldri vore så godt førebudd på det som skulle skje.

Natta på Rena var lang. Sommarfuglane sprella i magen.  Korleis skulle me legge opp rennet for å gjennomføre dei 54 km på best mogleg måte? Og viktigast av alt: kva skulle taktikken vere for å slå den største konkurenten: systera? Då morgonen endeleg kom spratt me i skikleda som låg klare. Ute var himmelen knallblå og sola var på veg opp. Alt låg til rette for ein strålande dag. Så kom beskjeden: Birken er utsatt ein time på grunn av dårleg ver. Ein halvtime etter var det klart: Birkebeinerrennet 2014 er avlyst grunna sterk vind i fjellet!

Det heile verka uverkeleg. Så nær, så skulle me likevel ikkje få delta på Birken. Ute varma sola allereie, og på Rena var det ikkje eit vindpust. Frustrasjonen var stor rundt frukostbordet. I vegkantane sat nedbrotne skiløparar med hovudet i henda. Då det heile var gått opp for oss skjøna me at me måtte få ut litt frustrasjon, og sidan veret var nydeleg og skia betre enn nokon gong, måtte me ut på ski. På Rena Stadion var løypene perfekte – 15 spor i breidda – klare for at rundt 17 000 løparar skulle tre inn i dei. Det var påskestemning, og sjølv om stemninga i utgangspunktet hadde vore laber, kom den seg betraktelig når sola skein, spora var eksepsjonelle og ein herleg gjeng var samla!

BildeIMG_1529

Bilde

Me fekk ein nydeleg tur på to mil i perfekt ver. Me møtte aldri på stormen. Det kunne heller ikkje alle dei som hadde gått heilt over til Lillehammer melde om. Dette gjorde sjølvsagt det heile meir frustrerande, men veret kan snu raskt i fjellet – noko det tydelegvis hadde gjort sidan morgonen av, då arrangørane hadde gjort avgjersla. Betre lykke neste år! Trening er aldri bortkasta, særleg ikkje med målet som ligg føre oss til sommaren. I tillegg fekk me ei strålande helg på Mageli Camping, med mykje Tyrannosaurus Rex – humor og ekstremt god stemning.

Bilde

Advertisements

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Trening. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Birkebeinerrennet – AVLYST!

  1. digitalelena seier:

    Bra de fekk ei fin helg! Eg kan skrive under på at de er ein særs sprek gjeng, gjennomføring av Birken eller ikkje! 😀

  2. marit teigen seier:

    Flott og positivt haldning, trass rennet
    vart avlyst. Det er flott jenter!! Mor :))
    Sendt fra min iPhone

    > Den 16. mars 2014 kl. 23:09 skrev «NPL-systrene» :
    >
    >
    >

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s