Sko, kart og ein liten bjørnesnutt!

Jajamen, jammen varer jula heilt til påske! Her ein dag kom nemlig ein stor pakke i posten. Frå Alfa! Med ikkje mindre enn TO par flunkande nye sko klare for å gå Noreg på langs. Ein kan nesten sjå på skoa at dei gler seg. Stor stas å få kunne begynne å gå inn skoa allereie nå.

IMG_1478

Og, som om ikkje det var nok: ein tur heim til Kvinnherad gjorde underverk. Der venta nemleg fem kilo kart på oss. Me har vore så  heldige å få låne alle karta me treng av ein hyggelig kar frå kommunen med namn Geir Eidsvik som har gått Noreg på langs tidlegare. Verdien av tips frå ein så turvant kar som har gått turen før oss er uvurderleg.

IMG_1499

Dei neste dagane vart derfor brukt til å fordjupe seg i kart og rute, samt googling av områder me skal gå gjennom. Det blir ein fryd å få oppleve så mange fine nye områder. Nasjonalparkane står i kø! Samtidig (som om me ikkje var klar over det frå før) er det ingen tvil om at det er ein lang tur som ligg føre oss. Finnmarksvidda kjem som første etappe i terreng, og med det som på karta ser ut som totalt fråver av både hytter og stiar, kan det heile verke litt overveldande. Eit eventyr blir det i alle fall!

Til sist: Medan Mari (den eldre) er redd for dårlege kne på langtur, har Martha stadig mareritt om gigantiske bjørnar som kjem for å angripe to systre på tur. Kanskje gjer denne videoen slutt på mareritta 😉

Advertisements

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Planlegging, Rute, Utstyr. Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Sko, kart og ein liten bjørnesnutt!

  1. digitalelena seier:

    Herlig innlegg og fantastisk søt video! 🙂

  2. Madeleine seier:

    Åh, for ein nydelig film ❤

  3. Svein seier:

    Høyres ut som om dåke begynne å få alt på plass 🙂
    Første gang eg har høyrdt kart bli rekna i kilo !!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s