Systerhelg i Trondheim

16.februar skulle skirennet Marka Rundt arrangerast i Trondheim. Tradisjon tro, skulle me delta også i år. Det var berre eit problem: Trondheim mangla snø! I vekesvis har me sjekka Yr.no fleire gongar dagleg i håp om å sjå eit lite snøfnugg i vente, men snøen let venta på seg. Marka Rundt vart avlyst, og det vart søstertreff og planleggingshelg til NPL i staden for – så mykje meir behagelig enn å gå 42 km på ski!

Fredag vart det sponsorsøking, utstyrsprøving og planlegging, samt rusling rundt i vakre Trondheim.

20140216-152536.jpg

Lørdag hadde me tenkt oss på langtur i Bymarka, og var klare for terping av kart og kompass-ferdigheiter. Kart over Bymarka var med, storsekkar pakka med samtlege religions- og mattebøker i leiligheita, og humøret var på topp. Det var før me kom ut i marka, og fann ut at HEILE skogen var dekka av eit tjukt lag med IS. Me vart stadig forbigått av spreke trøndarar som hadde forstått at brodder var lurt å ha på. Me prisa oss lykkelege for at me skal gå Noreg på langs om sommaren – forhåpentlegvis utan is.

DSCN2126

Me må ha sett ut som litt av nokon tullingar der me spant på isen og vifta med kart og kompass i oppmerka løyper med skilt på kvart hjørne. På grunn av isen (og dermed tempoet) kom me oss aldri ut i den trønderske villmarka. Øving på kart og kompass fekk me likevel.

DSCN2129

Resten av helga gjekk med til real oppfeiting og kos, blant anna med ein fabelaktig bursdagsfest til søte Elise. Store mengder sjokolade, popcorn, chips og kaker er fortært, og me kjenner oss allereie på god veg i oppfeitingsprosessen for sommaren.

Det har vore ei fantastisk systerhelg i Trondheim, med ekstremt mykje NPL-snakk, og etter denne helga gledar me oss om mulig enda meir til sommaren!

Advertisements

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Småprat | Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

One Response to Systerhelg i Trondheim

  1. Aina seier:

    Åååå flinke flinke systrene! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s