Kvifor gå Noreg på langs?

Mange har spurt oss kvifor me vil gå Noreg på langs, kvifor me vil bruke opp heile sommarferien vår på å berre gå – utan å ein gong vite om me når målet vårt. Og kvifor me, viss me absolutt vil krysse Noreg, ikkje heller syklar, noko som ville gått mykje raskare.

 Kva skal ein svare på det?

Vår lengste tur til nå har vore på sju dagar. 105 dagar er betrakteleg meir. Me er glade i å gå på tur, men alt med måte, kanskje. Kjem me ikkje til å bli lei av å vakne opp kvar einaste dag i over tre månadar saman i eit telt, med einaste mål for dagen å gå vidare?

Mest sannsynleg. Mest sannsynleg griselei. Lei av å gå, lei av regn, lei av mygg og sikkert innimellom ganske lei av kvarandre. Kanskje kjem me til å angre på at me la ut på ein slik tur, og ikkje minst for at me skreiv ein blogg om det, så absolutt alle får med seg om me ikkje fullfører.

Grunnen til at me trass dette legg i veg frå Nordkapp 1.juni er fleire.

Ein av dei er å få oppleve nye naturområder. Destinasjonar på dei fleste kontinent er besøkt, men ein lang tur i vårt eige land har me til gode. Turistar frå heile verda kjem for å oppleve Noregs flotte natur. Det er på høg tid at me sjølve også utvidar vårt turområde her til lands, til noko meir enn våre nærområde.

Å gå frå Nordkapp til Lindesnes handlar sjølvsagt også om sjølvrealisering. Det handlar om å sjå om også me kan klare å krysse heile Noreg til fots. Det handlar om å pushe eigne grenser og sjå kva me er i stand til, psykisk og fysisk. Me er i ein så utruleg privilegert situasjon at me har moglegheit til å gjere noko slik – å sjekke ut kva me klarer, berre fordi me har lyst til det – utan at det er nyttig for nokon andre.

Meir enn noko anna handlar det om å få sette av ein så lang samanhengande periode til å berre vere på tur og kose oss – gjere noko absolutt anna enn jobb og studie, og på ein måte stoppe litt opp. Det handlar om å vakne i teltet utan at ein einaste eksamen ventar på at du skal lese til den, utan ei masteroppgåve som ventar på å bli skrive og utan den evige forvirringa om namn på musklar, ledd og fascia og korleis det heile eigentleg heng saman. Det er berre å gå! Det blir fint.

Til slutt er det på sin plass å sitere Søren Kierkegaard, som også skjønte at det er fint å gå:

Tap for all del ikke lysten til å gå! Jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag,
og fra enhver sykdom.
Jeg går meg til mine beste tanker,
og jeg kjenner at ikke en tanke er så tung at jeg ikke kan gå fra den.
Når man slik fortsetter å gå,
så går det nok.

Søren Kierkegaard (1813-1855)

Advertisements

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

6 Responses to Kvifor gå Noreg på langs?

  1. Bjørg Sollsvik seier:

    Lykke til de Modige. Har dåke lest boka tli Lars Monsen om å g Norge på langs?

  2. marthasofie seier:

    Tusen takk Bjørg! Jaa den har eg lest, Lars monsen er helten!! Men han er vel ti hakk meir ekstrem enn oss, han gjekk vel i eit heilt år 😀

  3. Åshild Velken Røstbø seier:

    Lukke til! Og så må eg berre få legge til at eg ELSKAR å lese blogginnlegg skrive av folk som virkelig KAN skriva!

  4. Lina Kristine seier:

    Spennende prosjekt 🙂 Gleder meg til å følge med!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s