One way ticket to Honningsvåg

Flybillettane er i boks!

Nå er det ingen veg tilbake, eller med andre ord: det er berre ein veg tilbake: til fots!

Litt skjelven på hånda og med litt høgare puls en vanleg vart billettane bestilt. Så 31. mai flyr me i veg  frå Trondheim til Honningsvåg (30 km frå Nordkapp), og eventyret startar!

2014-01-21 12.40.57

Bilde tatt 21.01.14 kl. 14.47

bilde

Og så ein liten fun fact til sist: Visste du kor langt det er mellom Oslo og Istanbul i Tyrkia (på grensa til ASIA)? På veg heim frå ferie i Thailand sat Mari på flyet frå Istanbul til Oslo. Flylengda for turen vart publisert på flyskjermen: 2460 km! Og kva er det omlag like langt som? Joda, Noreg på langs! Ein blanding av angst og fryd dukka opp i kroppen då dette gjekk opp for Mari under den fire timar lange flyturen, med tanken på at ein like lang distanse til sommaren skal leggast ned til FOTS!

IMG_1412

Advertisements

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Planlegging, Rute. Bokmerk permalenkja.

One Response to One way ticket to Honningsvåg

  1. Bjørg Solsvik seier:

    Dåke er jammen meg tøffe 🙂 Eg er imponert.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s